«– Klarer du å endre meining?». Inger Slinning (IS) i Human-Etisk Forbund stiller dette spørsmålet. Human-Etisk Forbund står for eit ateistisk livssyn – eit livssyn utan ein skapar-Gud.

Slik eg har oppfatta humanetikarane bruker dei Darwin sin evolusjonsteori som eit bevis på at Gud ikkje finst og at alt har blitt tilfeldig til etter eit Bigbang utan nokon skapar-Gud. Inger Slinning oppfordrar til kritisk tenking og ikkje vere låst i nedarva tankemønster. IS skriv: «Vi oppfordrar hver enkelt av oss til å pirke litt i hva som ligger til grunn for overbevisningene våre. Stemmer det med logikk, vitenskapelig konsensus og det vi ellers vet om verden?»

Eg trur på ein skapar-Gud – intelligent design. Vitskapleg er det meir logisk at der er ein intelligent design bak skaparverket enn at alt har vorte til tilfeldig etter eit Bigbang. Begge deler er eit livssyn og kan ikkje bevisast av vitskapen. Før Marx og Darwin trudde stort sett alle på ein skapar-Gud, men skapar-Guden eller gudane var veldig forskjellige. Jesus har gitt oss det kristne livssynet. Marx er vel den som er opphavet til det sekulære humanetiske livssynet.

Desse to livssyna kjemper om livssyns-makta i Norge og Europa i vår tid. Det muslimske livssynet er det tredje største. Abraham er stamfaren for dei monoteistiske livssyna jødedomen, kristendomen og det muslimske livssynet. Felles for dei er at dei trur på «ein» levande skapar-Gud. Jesus var ein fridomskjempar som avslørte problemet med Guds-trua. Dei «misbrukte Guds namn» for å sikre si eiga makt og ære då dei fekk Jesus krossfesta. Det har leiarane for alle dei forskjellige religionane gjort.

Det har dessverre også dei kristne leiarane gjort, men i sterk strid med Jesus sitt liv og lære. Dette såg Marx og skulda derfor religionane for problema i verda. Marx meinte at det var best att menneska sjølve fekk bestemme over kva som var godt og vondt for dei – utan nokon Gud. Dette er den trua det sekulære livssynet har. Dei kristne trur at Moselova sine 10 bod er Gud-gitte bod som er gitt til oss frå ein kjærleg og god Far som vil oss alle godt. I vår tid ser vi fruktene av Marx sin kommunisme. Når menneska forkastar Gud fer vi menneske-bod som skaper menneske-gudar – diktatorar – som Lenin, Stalin, Mao, Pol Pot og Kim-ane i Nord-Korea.

Jon Hildre, Vigra

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegg til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!