Boksa er stappa med turistar som knipsar bilder av hagen din der ungane dine leikar og du før brukte å sole deg. Boksa tek turistane opp på det som ein gong var eit vakkert fjell, urørt frå store menneskelege inngrep, men som det no går bilveg opp mot toppen av.

Store stålmaster pregar fjellsida. På toppen er det bygd ein stor lysande bygning, og på andre sida er det laga eit alpinanlegg med snøkanoner som kompenserer for snø som berre kjem naturleg nokre dagar i året.

Nyleg presenterte Flakk-gruppen sine planar om å bygge gondol på Sulafjellet for dei «heldige» naboane som får gondol over hustaka sine. Dei «heldige utvalde» er verkeleg blant dei heldige, sidan berre dei som akkurat bur rett under gondolen fekk kome.

Dei som bur eit hus eller to vekk frå «fallsona» (der isjuklane dett ned på vinteren), er ikkje velkomne. I tillegg er berre ein person frå kvar husstand invitert, sidan koronaen «uheldigvis» for Flakk hindrar dei i å ta imot fleire. Desse få fekk ei «julegåve frå helvete.»

Flakk har brukt vinnarformelen til Zephyr (utbyggar på Harmsøya) som er å drive gjennom prosjektet raskt, før folk får tenkt seg om eller komt med motargument. Når løyva først er gitt, er det fritt fram.

Vi veit at klimaet vårt er ille ute om vi ikkje endrar retning. Ikkje ein gong Frp-leiaren klarer å vere ueinig i det lenger. Naturen er òg under angrep. Sjølv om det kan verke som naturområda vi har her i Norge, er så store at det berre er å dure i veg med utbyggingar, er faktisk berre ein liten del av naturområda urørte, og ein av fem artar som bur i norsk natur er raudlista. Ei av følgene av utbygginga er at dei fører til store tap for samfunnet, som vil tape store summar på grunn av tap i matproduksjon, når innsekta ikkje lenger har ein plass å bu.

Sulafjellet er eit fantastisk kvardagsfjell. Det flottaste fjellet som fins, om du spør ein patriot. Det ligg sentralt til for tusenvis av menneske som kan søke naturen for trim, rekreasjon og stillheit i eit område som elles er prega av utbygging og befolkningsvekst. Fjellet er no under angrep. Gondol-utbygginga vil føre med seg store uforanderlege endringar i naturen, og vil ha store konsekvensar for dei som bur i nærleiken.

Kjære politikarar, medbygdingar og alle dykk som nyttar dokke av Sulafjellet, tenk dykk derfor om meir enn ein gong før de støttar dette.

Matias MørkedalLangevåg

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegg til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!