Ho nytta først og fremst høvet til å gjenta sin politiske bodskap om gitte konsesjonar. Det er spesielt at det skjer akkurat no like før kjennelsen i sak om midlertidig forføyning. Kanskje betyr det at vi har ei sterk sak?

I samtale med statsministeren fekk vi fortelje vår historie om overkøyring av kommunen, fylket og lokalsamfunnet, og at det i 2008 vart gitt konsesjon til noko som var mangelfullt utreda. Konsesjonen er dessutan gitt i strid med internasjonale avtaler om vern av natur og biologisk mangfald som regjeringa har signert. Vi har teke saka til retten med krav om ugyldiggjering av konsesjonen på grunn av saksbehandlingsfeil. Vi forventar at vi har ein rettsstat og at forvaltningslova gjeld. Hovudsaka mot staten kjem opp seinare.

Energilova er imidlertid klar. Er ein konsesjon gitt på feil eller mangelfullt grunnlag kan den trekkast. Der er med andre ord eit politisk handlingsrom i denne saka. Det er slettes ikkje umogleg å gjere ei ny vurdering av gitte konsesjonar. Tvert imot meiner vi det ein uforsvarleg forvaltningspraksis å ikkje gjere nye vurderingar ut frå oppdatert kunnskap når det har gått lang tid. Kanskje vil det til og med lønne seg for storsamfunnet å snu.

Det er mykje snakk om utbyggar sine investeringar men mindre om storsamfunnet sine kostnader og lokalsamfunnet sine tap på investeringar no og framover. Nedgang i folketal vil til dømes få konsekvensar for nedbetaling av Nordøyvegen.

Haramsøya med sine små areal og store naturverdiar er blitt ei symbolsak i kampen som står mellom norsk natur og folk på eine sida, og kapitalkreftene på den andre. Ei dobbel rekning blir sendt til folket i form av tapt natur, subisiderte leidningsnett og favoriserande rammevilkår med den politikken som no er ført. Fleire og fleire tek til orde for å ta andre og meir framtidsretta val om å la landskapet i fred i staden for å øydelegge landet med vindindustri. Vi som menneske treng intakte nærlandskap og natur for å leve gode liv som ikkje er tufta på auka forbruk av ressursar.

Regjeringa og den politiske eliten med industrien i ryggen kan velje å gjennomføre utbyggingar med makt, men vi er redd prisen for det vil vere polarisering og auka konfliktar. Mykje av konflikten i denne og fleire andre saker er oppstått på grunn av sentralisering av makt. Lokalsamfunn og kommunar mister råderetten over eige areal, og staten tillèt ei landskapsøydelegging som råkar livskvalitet og strir imot folk si alminnelege rettskjensle.

Vi har ei heil folkerørsle i ryggen som har gjort oss i stand til å ta saka om Haram Vindkraftverk til retten. No ventar vi på kjennelsen frå tingretten. Denne rettssaka er ei prøve for Norge som rettsstat. Folket har vakna og slår ring om det norske naturlandskapet. Politikarane er valde av folket og denne bølga av engasjement vil uansett utfall presse seg fram og endre norsk politikk.

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegg til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!