Kvar har eg henta desse to sitata frå, skal tru? Eg sperra sjølv opp augo då eg såg kvar dei var å finne. I 2020 vart ei bok utgjeven. Boka har tittelen Arena 5 og er ei av dei siste utkomne lærebøkene i samfunnsfag til bruk i 5. klasse på barneskulen.

Vi opplever ei tid då mykje i samfunnet vårt er flytande og usikkert. Dette vert ikkje minst spreidd gjennom læreplanar og vidare teke opp i lærebøker – i dette tilfelle for 10-åringar.

Eg påstår utan kanskje å ha så brei støtte (?) at dette emnet ikkje høyrer heime i læreverk for elevar i grunnskulen. Elevane treng ikkje å lære om denne utveksten som har grodd fram i ein del miljø. Lærarar og elevar må sparast for denne slags påstandar og teoriar. I beste fall er det spørsmål som høyrer heime i vaksenpsykiatrien. Det er ei skam at slikt får plass i lærebøker for barn.

I den same boka finn vi også bruken av tre kjønn – han – ho – hen. Vi har i alle tider fram til i dag opplevd at det einaste rette er to kjønn – kvinne og mann – han og ho.

Eg slår opp i medisinsk leksikon der eg finn: Hen er et kjønnsnøytralt eller kjønnsmangfoldig pronomen i tredje person entall. Det kan brukes der kjønn er ukjent, og da i stedet for hun/han eller vedkommende. Det kan også benyttes der kjønn er uten betydning eller der hvor personer ikke definerer seg som mann eller kvinne.

Eg forstår ikkje så mykje av dette sitatet eller for den del heile problemstillinga. Likevel er ordet teke i bruk i førnemnde bok Arena 5 der korkje han eller ho kan nyttast – seier forfattaren. Dette temaet er ikkje ukjent også i vårt land. Fleire politiske parti støttar eit tredje kjønn. Dette gjeld dei såkalla 4%- partia, men likevel. Haldningae også hos oss i Norge går i retning ut for stupet.

«Arena 5-7 er et nytt læremiddel i samfunnsfag som skaper lærelyst blant elevene gjennom nysgjerrighet, undring og varierte klasseromsaktiviteter...»

Dette skriv forlaget i sin reklame for denne læreboka. Gode målsetjingar, men eg vil legge til at vi på dette omtala området er boka med på å skape USIKE og FORVIRRA elevar. Det burde vere innafor det forfattarane burde føresjå. Eller var det som eg trur – heilt bevisst handling!

-------------------------------------------

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til meninger@smp.no.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!