I media dukker det stadig opp nyskrivne låter og formidling av song og musikk i nye former, vi får gode tips om alt frå mat til trimaktivitetar tilpassa alle, og butikkar og bedrifter som går nye vegar for å få ut sine produkt. Og vi høyrer om besteforeldre som har fått nettbrett og nye digitale verktøy slik at dei kan sjå og snakke med barn og barnebarna sine.

Som tidlegare skulemann har eg følgd med og reflektert litt over korleis skulane har takla denne unntakstilstanden.

På ein dags varsel måtte skulane stenge, og lærarane la til rette for heimeundervisning utan å kunne planlegge noko på førehand. Dette har nok ført til frustrasjon og ei kjensle av utilstrekkeleg hos personale på skulane for å kanskje ikkje klare å gi elevane god nok opplæring. Ein har derfor måtte sette i gang ei rekke reserveløysingar og det har vore ei ekstra belastning for lærarane.

Men til tross for reserveløysingar, høyrer vi at dei siste 3 vekene har utløyst ein kreativitet i skulen som har vore fantastisk. Skuleleiarar og lærarane har følt eit stort ansvar for elevane sine og har fokus på det som er til elevane sitt beste. Mange har hatt digitale fellessamlingar der alle elevane i klassen er med og organisert elevar i grupper digitalt ved sida av individuell oppfølging av enkeltelevar.

Ikkje alle skular har kome like langt med digitale verktøy, men du verden kor kreativiteten har blomstra for nye måtar å aktivisere elevane på slik at dei får motivasjon til å lære. Opplæringa er flytta utanfor klasserommet, og dette har også gitt nye mulegheiter.

Elevane har fått nye oppgåver heime som har utløyst stor aktivitet med mykje praktisk arbeid og læring for mange elevar. Foreldra er trekt inn og lærer saman med barna sine. Oppfinnsamheit har ingen ende tatt, nettstader har vore oppretta og lærarane har henta tips/idear frå kvarandre. Lærarar har sagt at delingskulturen har vore på topp. Kanskje det er no ein kan oppdage nye sider å gjere ting på og tenker kanskje kvifor ein ikkje kome på dette før.

Frå mange foreldra får vi signal om kor kjekt det har vore å hjelpe og støtte sine eigne barn med lekser. Men også utfordrande å gjere dette i kombinasjon med heimekontor og pass av småsøsken. Foreldre har nok fått eit forsterka positivt syn på verdien av å ha ein god og trygg skule med personale som taklar elevane og gir dei omsorg.

No kom meldinga frå regjeringa at frå 27. april får elevane frå 1. til 4. trinn + SFO begynne på skulen igjen. Vi høyrer om lærarar som saknar elevane sine og som gler seg til at dei skal få møte elevane igjen.

Det har for mange vore spennande å ha heimeundervisning, særleg den første tida, men så saknar dei etter kvart å treffe og vere saman med venane sine og jamaldringar og det skal noko til å halde på motivasjonen.

Undersøkingar viser at elevar ønsker å gå på skulen først og fremst for å treffe sine venner og jamaldringar. I tillegg er det ei del barn og unge som ikkje har det så godt heime, og blir forsømt av sine foreldre. Det offentleg hjelpeapparatet får ikkje inn meldingar slik dei vanlegvis gjer, det er t.d. få meldingar og anmeldelser til både politi og barnevern. Skulane har no mindre kontakt med barna i og med at det er heimeundervisning og ein får ikkje lenger tilbakemeldingar frå bekymra lærarar. For mange er læraren den trygge personen nokre barn har.

Derfor er det viktig at også resten av barnetrinnet og ungdomsskulane får begynne på skulen så raskt som muleg. Kanskje ein kan dele veka slik at 1.–4. trinn går på skulen ein del av veka, medan dei største elevane går andre del av veka. Då får elevane treffe kvarandre og får meir variasjon i kvardagen med undervisning både på skulen og heime, og lærarane har større sjanse for å fange opp barn og unge som slit.

Denne spesielle opplæringa under pandemien har gitt skulen nye erfaringar som vil kome til nytte i ettertid i den vanlege undervisninga. På den måten kan det kome noko godt av denne unntakstilstanden.

-------------------------------------------

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til meninger@smp.no.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!