Det har vore lite motiverande å jobbe med budsjettet som skal opp i kommunestyret no førstkomande torsdag 5. november. Kommunedirektøren har lagt opp til store kutt innan helse og omsorg, og innan oppvekstsektoren. Dette er to områder som til stor grad tek føre seg lovpålagte oppgåver kommunane har. Å gjere kutt her er vanskeleg, og det følast uforsvarleg.

I tillegg er viktige skule- og barnehageprosjekt sett tilbake, med foreslått byggjestart om fleire år. Dette kostar samfunnet mykje i form av midlertidige tiltak og ikkje minst mangel på kommunale barnehageplassar, som førar til at ein må betale høge tilskot til dei private barnehagane. Det er difor uforståeleg at det også blir foreslått å leggje ned tre kommunale barnehagar som eit kortsiktig sparetiltak – om det er noko å spare i det heile tatt.

På Hildre er det varsla at det er ønskeleg med Montessoribarnehage i lokala til den kommunale, noko som vil seie at dei fleste borna vil havne i ein privat barnehage. Om Åsemulen leggast ned er det sannsynleg at desse borna også havnar i private barnehagar då det ikkje fins mange kommunale barnehagar i same område. Om Kvennaneset leggast ned er det mogleg at færre barn vil gå i barnehage i det heile tatt, som ein far også seier i eit intervju med Sunnmørsposten. Når ein ikkje har bil til å køyre til og frå barnehagen om dei får lenger reiseveg, når kollektivtilbodet ikkje er godt nok, og når Storhaugen barnehage ikkje har kapasitet til å ta i mot alle, då kan det ende med at barna er heime i staden for å sendast i barnehage – som også er eit viktig integrerings- og inkluderingstiltak. Å leggje ned barnehagar er korttenkt, og saka er heller ikkje handsama gjennom eiga struktursak – dette kjem først opp til kommunestyremøtet i desember etter førespurnad frå komité for oppvekst. Då er det uansvarleg å handsame nedlegginga i budsjettet no på torsdag.

Barn og unge er framtidas skattebetalarar seiast det, men då må vi leggje til rette for at alle barn og unge får gå på barnehage og skule i sine nærmiljø som har god standard og legger til rette for læring, og i tillegg gir gode oppvekstvilkår i form av ulike tilbod i kommunedelane.

Det er ikkje forsvarleg å sende små barn på ferje aleine for å gå på skule på Nordøyane. Det er ikkje rett å slå saman administrasjonen på skulane i Vatne/Tennfjord medan sjølve prosjektet av bygging av ny skule utsetjast. Og at ytre bydel har venta på fleirbrukshall i 30 år er uhaldbart. Denne bydelen har eit stort behov for inkluderande tilbod og tiltak då det er mange kommunale bustadar i bydelen og ein bur trongare. Og utsetjing av hallen kjem i tillegg til at bygging av ny skule i kommunedelen også utsetjast! Dei 207 breva frå elevane på Hessa skole vitjar om at elevane er djupt skuffa og sinte. Ein snakkar om politikarforakt – vil dette no få grobotn hjå desse ungane også?

Nye Ålesund kommune har fått ein tøff start, og koronasituasjonen har ikkje hjulpet på det. No er også skatteinntektene for året usikre, og difor er det viktig å prioritere. Raudt meiner at helse- og omsorgstenester, saman med drift og naudsynt bygging av skule og barnehagar er viktigare enn prestisjeprosjekt på Sørsida, og andre byutviklingsambisjonar. Kommunen må kunne drifte primærtenestane før ein tek sikte på andre ting.

-------------------------------------------

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til meninger@smp.no.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!