I sommar har det vore fleire artiklar i Sunnmørsposten der ein har vore kritisk til dagens kollektivtilbod i Ålesundsområdet. Som ansvarleg for dette tilbodet, meiner eg at det er bra at det vert sett søkelys på dette, slik at vi saman med brukarane kan utvikle eit best mogleg tilbod. Det er likevel viktig å få fram at skal vi lykkast med å utvikle eit godt kollektivtilbod, må fleire partar dra i same retning, både politisk og administrativt.

Vi som arbeider med samferdsel meiner at Ålesund er skapt for kollektivtrafikk. Med ein langstrakt og smal bandbystruktur og ein markert hovudakse for kollektivtransport. Dette gir Ålesund eit fortrinn i å kunne utvikle eit høgstandard kollektivsystem. Men skal vi lykkast med dette, er det fleire partar som må samarbeide. Både kommunen og Statens vegvesen er viktige i dette arbeidet, då arealbruk, parkeringspolitikk og infrastruktur med utvikling av vegnettet med haldeplassar og terminalområde er avgjerande for god kollektivflyt.

I mange samanhengar blir det vist til at kollektivtilbodet i Ålesund er for dyrt og for dårleg samanlikna med andre byar, til dømes Bergen, Trondheim og Oslo. Om vi ønsker eit konkurransedyktig kollektivtilbod på nivå med det vi ser i dei byane, må vi også vere villige til bruke dei same verkemidla som dei nyttar. I desse byane er det innført bompengar som finansierer tiltak for gåande og syklande, for kollektivtrafikk og vegbygging elles. I tillegg til dette er det innført strengare parkeringspolitikk og dyrare parkering. Mykje av dette kan vi oppnå gjennom bypakken i Ålesund.

«Må slippe bussen fram» er den treffande tittelen på ein artikkel i Sunnmørsposten 8. august i år. Den viser til ein rapport konsulentselskapet COWI har utarbeida på bestilling frå Ålesund kommune, Statens vegvesen og fylkeskommunen. Der er prioritert buss omtalt, det konseptet COWI tilrår framfor bybane og superbuss. Grunnen til at dei tilrår dette er at det både er mogleg arealmessig, og at vi vil få eit økonomisk forsvarleg, fleksibelt og effektivt kollektivtilbod i Ålesundsregionen i framtida. Rapporten er ikkje politisk behandla, så utfallet er uvisst, men rapporten viser at det eksisterer eit realistisk moglegheitsrom for betre transport, miljø og arealbruk i regionen.

Ein «prioritert buss» er ikkje nok åleine til å nå målet om 15 prosent kollektivandel. Cowi-rapporten bereknar ein auke til ca. 8-9 prosent kollektivandel ved ein slik forbetring av driftsopplegg og framkome for bussen. Full effekt av ein «prioritert buss» får ein først med understøttande tiltak slik som målretta parkeringsstrategi og bompengar, gode tilbringarforhold for sykkel og innfartsparkering, samt ein arealstrategi med fortetting ved knutepunkt og langs kollektivaksen. Effekten av slik tiltak er godt dokumentert og desse tiltaka er teke i bruk i byar som har gode kollektivtilbod og miljøvennleg transport, som til dømes Trondheim og Kristiansand.

Statens vegvesen, Ålesund kommune og fylkeskommunen har i fleire år arbeidd med Bypakke Ålesund. I bypakken er det eit politisk vedteke mål om 15 prosent kollektivandel i 2030. Dette er ein betydeleg auke ifrå dagens 6 prosent. Det er og vedteke auka gang- og sykkelandelar, og nullvekst i biltrafikken. Målet for kollektivtrafikken er sett for å møte statlege styresmakter sine krav om nullvekst i biltrafikken og overgang til kollektivtrafikk. Får vi til dette kan staten gå inn og til dømes medfinansiere ein byvekstavtale.

I bypakken fase 1, som skal til politisk behandling, ligg det inne ei rekke konkrete tiltak for å betre kollektivtilbodet:

• 82 mill. kr til auka rutetilbod i Ålesund

• prioritering av buss i kollektiv eller sambruksfelt når E136 Breivika – Lerstad – Nørvasund blir bygd ut til fire felt.

• nye og forbetra haldeplassar ved Åse sjukehus og på Campus Ålesund, og ny og moderne gateterminal i Keiser Wilhelmsgate i sentrum til erstatning for dagens bussterminal.

• framkometiltak for kollektiv på Nørvøya mellom sentrum og Voldsdalen, og framkometiltak på Aspøya.

• ny veg Hessafjordvegen – Slinningen med snuplass for buss på Slinningen

• 10 mill. kr til diverse strakstiltak for kollektiv som lysprioritering, kryssutbetring med meir.

Desse tiltaka vil gjere det lettare å velje kollektiv framfor bil. Bypakke 1 skal truleg til politisk behandling i fylkestinget og i Ålesund kommune i løpet av første halvår 2019. Blir bypakke 1 vedteke har vi eit godt utgangspunkt for å utvikle kollektivtilbodet i Ålesundsområdet vidare mot målet på 15 prosent kollektivandel i 2030.

foto
Samferdselssjef Arild Fuglseth - fotograf Terje Aamot Foto: TERJE AAMODT