Når myr vert greve opp, vert karbon frigjort i form av klimagassar. Norges Vassdrags og energidirektorat (NVE), som er ansvarleg styresmakt for vindkraftkonsesjonar, har ikkje praksis for å vurdere klimamessige konsekvensar av inngrep i karbonrike naturtypar som myr og våtmarker (1). Det er urovekkande. I verste fall kan klimaregnskapet gå i minus.

Prosjekt som Okla Vindkraftverk på Stadhalvøya, må lukast bort, seier Ketil Kjenseth, leiar i Energi og miljøkomiteen på Stortinget, i ei pressemelding 06. nov. (2). Han vil at prosjektet skal stresstestast for både klima, karbon og tap av natur. Tilkomstveg og utbyggingsområde for Okla vil øydelegge eit særeige kystlandskap med eit samanhengande og sjeldan myrlandskap og torv som bind karbon. Vegbygging og infrastruktur for å sette opp berre fem turbinar, vil både gje auka utslepp og forringar viktig natur, seier Kjenseth.

Artikkelforfattar: Wenche Hovlid Sortvik.

Kjenseth har utan tvil eit godt poeng. «Kunnskapsbasert forvaltning» er eit høgt verdsett prinsipp i Noreg. Folket skal ha tillit til at viktige avgjerder blir tatt på eit fagleg godt grunnlag. Og det er her det sviktar så fullstendig ved Okla-konsesjonen. Både ålmenta så vel som styresmaktene veit at konsesjonen byggjer på feil kunnskapsgrunnlag.

Naturverdiane på Stadlandet er unike i norsk og europeisk samanheng. Likevel valte NVE å sjå bort frå etablert fagkunnskap, og basere si avgjerd på eige skjønn – ut frå ei tilleggsutgreiing av mangelfull kvalitet (3). Konsekvensar av myrøydeleggingar i samband med vindkraftutbygging er godt studert. Britiske vindkraftutbyggarar har estimert karbonutslepp for sine prosjekt i lang tid, basert på åpent tilgjengelege statistiske modellar (1).

Skotske styresmakter har utvikla ein karbonkalkulator, som viser tida det vil ta før eit vindkraftverk gjev eit positivt klimabidrag, ved planlegging av vindkraftverk i område med myr (1). Konklusjonen er at vindkraftverk i torvmark ikkje vil redusere klimagassutslepp, og at utbyggingar i intakte myrområde må unngåast heilt.

For dei unike naturverdiane som går tapt på Stadhalvøya, er det langt frå godt nok at konsesjonssystemet knytt til vindkraft skal betrast i framtida! Vi må forvente kvalitet i det besluttingsapparatet vi også har i dag. Og dette har den sitjande Regjeringa og Stortinget eit særleg ansvar for. Sjølv om konsesjonen til Okla er gitt for ei årrekkje sidan, er det like fullt denne regjeringa som må stå til ansvar for at natur av nasjonal verdi vert rasert, på grunnlag av feil og manglar i statlege styringsorgan. Energivinsten frå 5 vindturbinar er marginal. Naturmangfaldet taper – og klimareknskapet går i minus – grunna store C02 utslepp ved inngrep i karbonrike naturtypar!

«Det brune gullet», går tapt på Stadlandet nett no. Skal Okla bli skrekkdømet på kor gale det ikkje må få lov å gå i framtida? Eller vil styresmaktene ta konsekvensane av elendig forvaltingspraksis, og rettmessig stogge prosjektet?

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegg til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!