Dersom det blir ei ulukke ved Vegsundbrua eller sørover til krysset ved Johan R. Sunde, så vert trafikken heil lamma. Dette gjeld ikkje berre trafikk frå Sula men også trafikk frå Sulesund ferjekai og frå Sunde ferjekai. Dersom vi far Borgundfjord tunnelen sa vii det vere eit alternativ ved langt stopp i trafikken.

Det har vore snakk om ny tunnel frå Blindheim til Breivika. Får vi Borgundfjord tunnelen trur eg at det blir så mykje avlastning at ny tunnel Blindheim – Breivika ikkje vil vere nødvendig.

Ny tunnel aust for Magerholm til Digernes

Det er ikkje tillate for tungtrafikk å køyre via Glomset. Dersom dei skal austover må dei om Spjelkavik / Moa og inn Brusdalen. Dersom vi hadde fått ein tunnel aust for Magerholm og over til E39 vest for Digernes så ville trafikk som skal til Digernes og austover køyrt denne vegen. Dette trur eg gjeld all trafikk frå og til alle tre fergene, (Magerholm, Sunde og Sulesund) og elles trafikk som kjem frå området Magerhom til Sula.

Tunnelen aust for Magerholm kan gå inn i fjellet ved Storurvika/Simoneset. Den bør komme ut og gå mot E39 vest for Svortavatnet og har gå inn i ei ny Rundkøyring. Lengde på tunnelen ca. 5,5 km. I tillegg 1 km veg i dagen frå tunnelen og til E39. I tillegg kjem litt utbetring av veg austover frå Magerholm, ca. 4,5 km.

Brusdalen

Det har vore snakk om veganlegg som bør byggast mellom Moa og Digerneset (utanom Brusdalen) for a unngå fare for at drikkevatnet (Brusdalsvatnet) vert forureina dersom det skulle skje ei ulukke med ein tankbil. Får vi tunnel aust for Magerholm mot Digernes kan det vere eit alternativ at tankbilar kan køyre denne vegen. Ny veg Spjelkavik – Digernes ved Brusdalen vil da vere unødvendig.

Anbefaler politikarane å sjå på desse alternativa.

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegg til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!