Utbyggingskameratane Høgre, Ap, Sp og Frp vil sleppe til gravemaskiner, betong og dynamitt for å bygge ut varig verna vassdrag i Noreg. Samtidig som dei er tydelege på at dei vil bygge ut vassdraga, så er dei ikkje villige til å seie kva for nokre av våre viktige vassdrag som skal takast. Det kan dei godt få fortelje oss. Er det Geirangerelva, Norangselva, Bondalselva, Stigedalselva eller Norddalsvassdraget vi skal ta, eller er det kanskje eit vassdrag som ligg litt lenger vekke frå eige nabolag?

Meir utbygging er kortsiktig, lite framtidsretta og farleg politikk. Venstre vil stå på for å verne dei siste vassdraga våre. Vil vi ha meir natur, ikkje mindre.

Dei siste 100 åra har menneska i stort tempo tatt i bruk heile jorda. Menneskeskapte ting, bygg og anlegg, veg no meir enn av alle dyr og plantar på planeten vår til saman. Berre mengda av plast i verda, er det doble av den samla vekta av alle dyr på jorda. 70 % av alle ville dyr i verda er borte. Samtidig er dei urørte naturområda blitt borte i enormt tempo – også her i Noreg. 90 % av all urørt natur i Noreg er borte, og dei siste urørte områda minkar for kvart år.

Midt opp i desse brutale menneskeskapte endringane av naturen, er verneplanane for vassdrag ei nødvendig motvekt. Gjennom verneplanane har vi blinka ut dei få av alle våre mange vassdrag som skal få lov å vere urørte av kraftutbygging: Dei små, varige sigrane naturen skal få lov å vinne, i ei verd der menneska elles tek seg til rette kvar einaste dag.

Det er difor historielaust og trist når Høgre og Ap no slenger seg med natur-verstingane Sp og Frp, og i klartekst seier at omgrepet «varig vern» aldri var alvorleg meint. Det var berre ein liten pustepause, før vi menneske også skulle gå laus på dei siste urørte delane av norsk vassdrags-natur. På toppen av alt er dette ifølgje NVE rein symbolpolitikk utan reell innverknad på kraftbalanse eller straumprisar. Då er det heilt andre grep som gir mykje større effekt.

Venstre vil stå opp for dei verna vassdraga våre. Vi treng meir natur i Noreg, ikkje mindre. Nokre gongar skal naturen få lov å vinne – ikkje berre for ei stund, men for alltid. Vi skal løyse klimakrisa – men vi gjer det ikkje ved å rasere dei siste lommene av urørt natur, verken i Noreg eller i verda elles. At Senterpartiet og Frp alltid står klare til å gå laus på urørt natur, visste vi frå før. At Høgre og Ap no opnar for det same, er nytt og dramatisk. Venstre vil ta kampen. Eit sterkt Venstre i sentrum av norsk politikk, er viktigare enn nokon gong både for klima og natur.

Lena Landsverk Sande og Alfred Bjørlo, Venstre

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegg til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!