Som gammal politikar vert eg alltid interessert når kulturpolitikk kjem i fokus. Mesteparten av den tida eg sat i Fylkestinget. var eg knytt til kultursektoren: 12 år i kulturutvalet, og av dei 8 år som leiar. I 1980-åra var eg med på å føre i pennen ein museumsplan for Møre og Romsdal. Det vart mykje debatt den gongen også. Eit museum er ikkje berre ein institusjon som vert plassert i eit system, det er ein del av sjela til folket rundt.

Musea har vorte til på ulike vis. Det kan vere eit gammalt gardsbruk som står tomt og kan vere til nedfalls. Einkvan ser verdien av å ta vare på det, engasjerer seg og legg ned arbeid i det. Fleire kjem til med dugnadsarbeid, gåver m.m., og såleis veks det fram. Det kan vere andre årsaker: Livsverk det er verdt å etablere eit minne kring, ei gammal bedrift som er verneverdig osb. Heile vegen er det personar som ser det og tek grep, og mange får såleis gjennom dette eit slags eigartilhøve. Det inspirerer og gjer at ein får lyst til å gjere meir.

Kompetanse

Kven kan arbeide på eit museum? Og kven kan ha ansvar? Her er det sjølvsagt fleire nivå. og det krevst ulik kunnskap. Eit tenleg mønster har vore at Regionsmuseet har spisskompetanse på aktuelle område, t.d. innan tekstil, skinn/lær, tre, metall, og kan gi råd og rettleiing til musea ute i distriktet. Dei som arbeider i musea har gjort seg kompetente på ulike vis: Dei to hovudvegane er utdanning og livsrøynsle i museumsarbeid.

Begge vegane gjev viktige aktørar i museumsarbeidet, og bør ikkje stå i motsetning til kvarandre. Begge typane er viktige å ha i "museumsstallen". Der desse sidene får til samarbeid, er det positivt for museet. Den eine parten med vekt på det konserveringsfaglege, og dei på hi sida med vekt på kulturen, miljøet og det geografiske.

Geografi og miljøforankring

Her høver det å ta Sivert Aarflot-museet som døme. Dette vesle museet ligg ved garden på Egset, der Sivert Aarflot budde og hadde virket sitt. Her står utstyret som fortel soga om dei tekniske løysingane han fann og utviklinga av Landboe-bladet. Men her på Egset var også boksamlinga hans, som seinare vart kjelde og inspirasjon for Ivar Aasen, av di det geografisk låg til rette for han å ta turen til denne samlinga. Det er såleis viktig informasjon som ligg i det at Sivert Aarflot-museet ligg nettopp der det ligg i høve til Aasentunet!

Sogelaga

Ein viktig aktør i museums-rørsla, om ein kan kalle det det, er sogelaga. Museumsinteresserte menneske har søkt saman i eit fellesskap som ynskjer å ta vare på det som femner om grunnlaget for kulturen vår. Her er musea ein viktig del, men her finst også verdiar som ikkje er innlemma i museumsstrukturen. Det kan vere alt frå miljø, kulturminne om hendingar, gjenstandar, skrifter, songar, noko som speglar seg av i dei ulike årsskrifta som mange av sogelaga sender ut før jul.

Desse kulturane, desse menneska, er viktige å ha knytte til musea. Ei framandgjering, der desse vert skvisa ut, er katastrofal for musea og dei minna dei kan ta vare på.

Kvifor desse tankane kjem på papiret no? Fordi ein ser konturane av at noko slikt kan vere i ferd med å hende. Det er uskjøneleg at det har vorte etablert organisasjonar som fungerer slik at det opnar for dette. Eg hadde eigentleg forventa at Sunnmøre Museum skulle reise seg og slå i bordet for å verne om Fyrmuseet i Dalsfjorden. Dette museet som er heilt unikt og er plassert så geografisk korrekt som det let seg gjere! Dronning Sonja sa då ho høyrde at eg var frå Volda: "Å, du må vel være stolt av å være frå der de kom frå, de som bygde opp alle fyrene langs kysten vår!"

Kvifor vil Kystverket ta ut det dei eig, som er så trygt plassert på fyrmuseet, og plassere dei på eit lager i Ålesund? Kvifor?

Cecilie Dahle Torbjørnson

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegg til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!