Høyringsfristen for endring av flagglova var 31. august. Det er Regjeringa v/kommunal- og moderniseringsminister Nikolai Astrup (H) som står bak forslaget om å endre flagglova eller å fjerne den heilt. I dag er det berre det norske flagget, det samiske flagget samt kommune- og fylkesflagget som kan heisast på offentlege flaggstenger.

Over 3000 merknader har kome inn. Av dei ca. 1000 første som var off. tilgjengeleg i veka etter fristen gjekk ut var dei aller fleste imot å endre lova.

Det er ufatteleg primitivt å foreslå at kommunane sjølve skal få bestemme når og kva flagg som skal heisast når det er fleire 10-tals organisasjonar som berre står å ventar på at «vårt» flagg skal til topps. At off. flaggstenger skal brukast til å fremme private interesser er heilt meiningslaust.

Dagens flagglov dekkjer alle nødvendige behov og vil framleis gjere det. Blir flagglova endra eller fjerna blir det norske flagget – nasjonalflagget – redusert til ei «fargefille» mellom fleire.

Nikolai Astrup har tidlegare uttalt til media at det var omsynet til «Pride» som ligg til grunn for å få endre lova slik at kommunane sjølve skal få større fridom over eigne flaggstenger. Målet er klart: «Prideflagget» må for all del vaie frå offenlige bygg under deira tilstellingar og markere den nye «normalen» i Norge. Her er ikkje mykje respekt å spore for det norske flagget.

Pride-flagg. Foto: Lise Åserud

I mange samanhengar blir flagget også omtala som «regnbogeflagget» og meiner rimeleg vis med det at flagget med sine 6 fargar avspeglar regnbogen sine fargar. Det er absolutt ikkje tilfelle. Regnbogen har 7 fargar. Dette er ei forkvakling av regnbogen sine 7 unike fargar som til tider viser seg på himmelen og er teiknet på Guds lovnad til alt levande liv på jorda om at han ikkje på ny vil la denne bli overfløymd og øydelegge alt liv.

Vi må bli spart for at flagget til private interesseorganisasjonar skal få tilgang til offentlege flaggstenger for å fremme si sak.

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegg til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!