Ein einigheit som kom på plass etter at Arbeidarpartiet tok initiativ til samtaler med heile opposisjonen for å sjå på det fanst andre løysingar enn strukturreform og ytterlegare tapping av arbeidsplassar i distrikta våre.

Høgreregjeringas strukturreform vil sniknedlegge ei rekke av våre lokale sjølvstendige domstolar og sentralisere kompetansearbeidsplassar me i dag har i ein desentralisert struktur. No skapar dessverre FrPs justispolitiske talsperson Per-Willy Amundsen stor usikkerheit gjennom uttaler i media der han no opnar for at Frp kan snu i saka.

Ap, Frp, Sp og SV gav saman tydeleg uttrykk for i vår at det var fult mogleg å sjå på andre løysingar blant anna i domstollova framfor å endre struktur for å kome utfordringar i domstolane i møte. Me ville vareta fleire omsyn, både omsynet til å gjere domstolane våre meir fleksible, mindre sårbare og samtidig ta vare på kompetansearbeidsplassane lokalt.

Per-Willy Amundsen uttala tydeleg på vegner av FrP i vår at det ikkje var eit tilstrekkeleg grunnlag for ei omfattande reform i norske domstolar, at innsparingane dessutan var ubetydelege og eit unødvendig forslag for å betre folks rettssikkerheit i Norge. Til Helgelands blad sa Amundsen følgande i vår om den varsla strukturreforma til Høgre: «Dersom regjeringen fremmer det, så blir det et nederlag. Domstolstrukturen skal være uforandret og rettskretsene bestå». Klare ord frå ein av FrPs (mange) tidlegare justisministrar. Uvanleg treffande og klart, vil eg seie.

Justiskomiteen må etter pålegg frå regjeringspartia og Frp i Presidentskapet i Stortinget handsame saka på mindre enn 5 veker, med høyring i saka 4. november. Dei raudgrøne partia meinte saka fortente ei lengre handsaming, men vart overkøyrd. Her er det openbart travelt for regjeringspartiet og FrP å få saka igjennom. Om FrP endar med å snu er det å kaste blår i auga til alle dei som trudde på Amundsen og FrP i vår. Det er skuffande for oss i Ap, Sp og SV som faktisk trudde me hadde ein einigheit.

Eg håpar verkeleg at FrP si stortingsgruppe får press frå sin eigne rundt om i landet no i saka, at dei står på einigheita me saman kom fram til for berre 5 månadar sidan. Eller var alt berre eit spel for galleriet, Amundsen?

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegg til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!