Norsk Gideon er ein kristen organisasjon. Namnet Gideon er henta frå Det gamle testament. Der var Gideon ein mann som var villig til å lytte til og tene Gud.

Organisasjonen vart starta i USA i 1899 av tre handelsreisande. I 1908 starta dei å gi ut Det nye testament til institusjonar som fengsel, skular og sjukehus og som ei personleg gåve til skuleelevar. Organisasjonen kom til Norge i 1930 under namnet Handelsreisendes Kristelige Forening (HKF). Seinare er namnet blitt endra ei rekkje gonger.

Norsk Gideon deler ut ei bibelutgåve av Det nye testament og Salmenes bok. Dette vert finansiert gjennom ein kombinasjon av frivillige gåver frå medlemmane, ofringar og kollektar frå kyrkjer og forsamlingar.

Fram mot 2021 delte Norsk Gideon ut rundt 10 000 – 15 000 bøker kvart år til norske skuleelevar i samarbeid med skulane.

Så kom ei tilråding frå Utdanningsdirektoratet etter oppmoding frå Human-Etisk Forbund om at kommunane bør stoppe denne praksisen. Vår nye kunnskapsminister Tonje Brennastøttar denne tolkinga.

Gideon har to gonger siste tida bede om eit møte med ministeren, utan at ho så langt har sagt ja. Kva er eigentleg Utdanningsdirektoratet i grunngjeving?

Dette bør vere eit trist signal for landet vårt og folket vårt. Eg har sjølv i mi skuletid helsa Gideon velkomne til skulen vår. Greie personar som på ein fin måte fekk gje elevar i ungdomsskulen Det nye testamentet som ei personleg gåve. I dag skal altså denne 70 år gamle ordninga ikkje lenger vere tillaten.

Gideon er sjølvsagt djupt skuffa over det som her skjer. Er det verkeleg slik vi vil ha det i landet vårt, eit land som seiest skal byggje på ein 1000-årig kristen grunnvoll. Ein kristen organisasjon skal altså ikkje kunne få direkte tilgjenge til elevane for å gje ei gåve i form av Guds ord – utruleg!

Tonje Brenna – det er ikkje skam å snu i denne saka. Som innbyggjarar i kjære Norge – la vi samle oss om eit klart ja til at Gideon kan få halde fram arbeidet sitt med utdeling av biblar til norske skuleelevar.

Ragnar Elias Bakken, Ørskog

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegg til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!