«Den som gøyr sjølv, han slepp å halda Hund», står det i Norske Ordsprog av Ivar Aasen (1856).

Vaktbikkjene i Nei til vindkraftverk på Haramsøya har ikkje tenkt å sitje heime i stova og halde stilt dei heller den dagen anleggsmaskineriet måtte kome rullande inn over ferjelemmen for å byggje vindmøller på Haramsfjellet.

Fredag kom avgjerda frå NVE (Norges vassdrags- og energidirektorat) om å utsette oppstart på utbyggjinga inntil klagane på vedtaket er endeleg handsama av OED (olje- og energidepartementet). Det er ein viktig delsiger for motstandarane, men aksjonistane er like fullt klare den dagen OED likevel måtte gi klarsignal til prosjektet.

Måndag var det lukka møte på Austnes. Dit kom det køyrande røynde motstandsfolk frå «vindkraftkrigen» i Trøndelag. Strategi og tiltak vart drøfta i løynd mellom dei 30 og 40 som deltok.

Historiske aksjonar

Frå Mahatma Gandhi si ikkjevaldslinje mot dei britiske koloniherrane i India til Martin Luther King sin kamp mot rasisme i sørstatane har sivil ulydnad djupe røter, også her i Norge.

Lekpredikanten Hans Nielsen Hauge, som også var fleire gonger på Sunnmøre, trassa danskekongen sitt forbod mot kristne møte som ikkje var godkjent av prestar. Han heldt lovstridige religiøse møte for fulle hus over heile landet frå slutten av 1700-talet.

Under andre verdskrig nedla prestane arbeidet og lærarane saboterte undervisning i nazismen. Folk flest gjorde alt dei kunne der dei kunne, for å gjere livet surt for tyskarane.

Mardøla-aksjonen i Eikesdal i Romsdal sommaren 1970 var den første miljøretta aksjonen i Norge. Demonstrantar samla seg for å hindre tørrlegging av Mardøla-vassdraget og måtte fjernast av politiet. Det gjekk temmeleg hardt for seg. Folk stilte opp med Molotov-cocktails.

Nokre år seinare kom Alta-saka med store demonstrasjonar og sveltestreikande samar.

Aksjonar på Sunnmøre

Også her på Sunnmøre har det vore nytta sivil ulydnad, om enn i noko mindre skala.

I mars 1973 okkuperte rundt 20 unge miljøvernarar

Rønneberg-villaen

i Ålesund. Dei ville hindre riving av det staselege huset og påfølgjande vekksprengning av Rønneberghaugen. Det gjekk relativt fredeleg for seg. Okkupasjonen vart avslutta utan politiaksjon då flesteparten av demonstrantane måtte tilbake på skulen igjen.

Rønneberghuset 20 unge miljøvernarar under okkupasjonen av huset torsdag 22. mars 1973. Foto: Roger Engvik

I august 1985 var det ny aksjon i Ålesund. «Nei til dioxin i morsmelka» stod det på bannera då lokale demonstrantar lenka seg fast rundt maskinene som hadde starta utgraving av søppelforbrenningsanlegget på Grautneset. Aksjonen blei avslutta av politifolk frå Borgund lensmannskontor som klippa kjettingane, bar bort demonstrantane, spylte dei reine i ein kjellar og sende dei heimatt.

På Bjørke i Ørsta kommune (snart Volda) har dei også kjettingar. Sommaren 1997 ville Telenor fjerne telefonkiosken i bygda. Året før hadde bygdefolket mista butikken og posten. No lukta dei lunta, køyrde fire digre kampesteinar ned til kiosken og festa kjettingane. Kiosken fekk namnet

Prillar-Guri

og saka fekk oppslag både i VG, BBC og Washington Post. Summetonen blei kutta i 2015, men kiosken står der enno som eit symbol på lokal kampvilje.

Telefonkiosken på Bjørke Frå venstre Enok Kippersund, Knut Bjørke, Edvin Sætre og Jarle Myklebust under aksjonen i 1997 for å behalde Prillar-Guri på Bjørke. Foto: Privat

Stor medieomtale

Det er merksemd dette handlar om, mediestrategi. Sivil ulydnad skal gi omtale som kan påverke politikarane. Torbjørn Lindseth, ein av dei mest kjente vindkraftaksjonistane i Trøndelag, skreiv dette på Facebook i sommar:

«Det jeg savner, er flere aksjonistgrupper. De som aktivt går ut i felten og forsinker, stopper eller forstyrrer entreprenørene. Det vil også gi flere oppslag i den lokale/regionale pressen. Vi trenger flere som er villige til å ta den jobben. Det kan være krevende og slitsomt å drive slike aksjoner. Men vi får større oppmerksomhet rundt saken. Jeg er ikke i tvil om at aksjonene på Frøya og i Flatanger har påvirket de regionale politikerne til å si nei til mer vindkraft i Trøndelag.»

Lindseth var til stades på samfunnshuset på Austnes måndagskvelden.

Såleis kviler det eit ansvar også på oss mediefolk. Sivil ulydnad i aksjonsform har ein sjølvgåande dynamikk som det er lett å la seg freiste av. Balansen i dekninga kan bli skadelidande. Aksjonistane får raskt dobbelt betalt. Dei får sympati om dei blir fjerna med makt. Får dei bli verande får dei målbore saka si for open mikrofon.

Bak tumultar, oppstyr og verbale kraftsalvar ligg sjølve saka. Den kan havne i skuggen om verkemidla blir for voldsame og konfrontasjonane for tilspissa. Dette må aksjonistane vere merksame på. Noko alt tyder på at dei kampklare ute på Haramsøya er, med sitt - så langt - solide saklegheitsnivå.

Bråk om brennevin

Like saklege var dei ikkje, sunnmøringane som i 1816 hadde fått nok av brennevinsskatten dei måtte ut med fordi dei no fekk lov til å produsere brennevin til eige bruk. Futen kunne ikkje gjere greie for kor mykje brennevinsskatten utgjorde av totalen og på tinget i Borgund ropte Steffen Emblem ut at den første som betalte brennevinsskatten ville bli slått i hel. Emblem i blei sett i arresten, men det godtok ikkje folk.

Atle Døssland skriv i band 1 i Fylkeshistorie for Møre og Romsdal (1990):

«Tre-fire hundre mann frå Borgund og dei næraste distrikta toga opp til arresthuset og tvinga nøklane frå arrestforsvararen. For at ingen einskild skulle bli dregen til ansvars, tok alle i nøkkelen då han vart sett i døra, og Steffen Emblem vart henta ut».

Styggdyr sprit og skyhøgt skattenivå. Mykje som i dag dette, vil mang ein sunnmøring meine.

Mest som å slåst mot vindmøller.