To lesarinnlegg i Sunnmørsposten, frå ei mor og ein far, har sett foreldrerolla på dagsorden, og engasjert mange siste tida. Både mora og faren kjem med innspel som er verdt å få med seg.

Mora, som er anonym av omsyn til sin rusmisbrukande ungdom, oppmodar foreldre til å følgje med på kva barna driv på med. Ingen må vere naive. Det er eit stort narkotikamiljø i Ålesund, som er usynleg for dei fleste foreldre, fortel ho, og skriv:

«For den ungdommen eg er pårørande til, så har det gått for langt. Altfor langt. Dette har skjedd utan at vi visste om kor ekstremt det var blitt. Vi hadde kontroll, trudde vi. Vi såg forandringar, men avfeira det med normal tenåringsåtferd.»

Mora skreiv innlegget etter at Sunnmørsposten omtalte eit digitalt foreldremøte der politiet var bekymra for at barn ned i 14-års alderen kjøper narkotika.

Brutal språkbruk

Det var også etter eit foreldremøte med politiet at far Bjørnar M. Berge i Syvde skreiv innlegget «Har vi gitt opp?» i Sunnmørsposten. På foreldremøtet fortalde politiet om eit utfordrande oppvekstmiljø med digital utestenging og mobbing, og ein brutal språkbruk som aldri ville blitt tolerert i arbeidslivet.

«Barnet som sit i hjørnet i sofaen rett ved sidan av deg får kanskje ei melding om å gå å henge seg, eller om at han eller ho er ein «snitch» og skal døy i morgon. Men barnet seier kanskje ingenting, og vi sjølve er kanskje for opptekne med gullrekka, fredagstacoen og ikkje minst vår eigen mobiltelefon,» skriv Berge.

Han set ikkje berre ord på den motløysa som mange foreldre opplever, men kjem også med ei klar oppmoding:

Grensesetting

«Det er vi som foreldre som har ansvaret for grensesetting, og å lære barna våre forskjell på rett og gale. … Vi må også tørre å bry oss dersom vi ser, eller får høyre at andre sine ungar blir plaga eller utestengt».

Takk til desse to foreldra som våger å snakke høgt om det felles ansvaret vi har for at barn skal ha det bra. Det er ikkje berre vesentleg for det enkelte barn, men også for samfunnet. Stadig fleire barn og unge slit med psykiske vanskar, og politiet melder om sterk auke i ungdomskriminalitet. Det er mange og samansette årsaker til dette, og det er behov for mange ulike tiltak.

Det mest verdifulle foreldre kan gi til sine barn, er opplevinga av å vere elska og verdsett for den ein er. Dette skaper ein grunnleggande tryggleik, som er heilt nødvendig for at grensesetting skal fungere.

Psykologar fortel at mange barn slit psykisk, fordi foreldre og barn bruker for lite tid saman. Barn har behov for at foreldre er saman med dei, utan å vere opptatt med andre ting. Å gi barnet 15 til 20 minutt med konsentrert merksemd kvar dag, vil gjere både barn og foreldre godt, seier psykologspesialist Ingrid Sønstebø til Aftenposten. Ho peikar på at nettopp tid kan vere vesentleg for å forebygge psykiske problem og åtferdsvanskar hos dei minste. Likevel er det svært mange foreldre som ikkje får det til. Foreldre opplever at dei er fanga i ei tidsklemme, og får ikkje kabalen til å gå opp.

Ein dansk studie viser at eitt av tre førskulebarn saknar tid med mamma og pappa. Det er lite som tyder på at forholda er annleis i Norge. Politiet melder om haldningsendring mellom barn og unge, som mellom anna viser seg i form av manglande respekt for politi og andre vaksne.

Det er foreldre sitt ansvar å lære barna kva som er rett og gale, men grensesetting fungerer dårleg dersom den trygge grunnmuren manglar.

Farlause gutar

Oliver Lovrenski skriv om dette i debutromanen «Da vi var yngre» som fekk bokhandlarprisen tidlegare i år. Han skildrar korleis hovudpersonen Ivor og dei tre kameratane hans hamnar i eit røft miljø med rus og kriminalitet i Oslo. Dei har det til felles at dei saknar ein god far.

Det er ei scene i boka der læraren i samfunnsfag ramsar opp alt som er viktig for å forebygge ungdomskriminalitet;

« … det disse barna egentlig trenger, er noen som kan følge dem opp fra dag til dag, hjelpe dem å sette mål, oppnå dem, lære dem om disiplin, kontakt med egne følelser ….»

Hovudpersonen reiser seg, klappar, og seier: Gratulerer, det heter en pappa.»

I eit intervju med Aftenposten fortel Lovrenski om den grunnleggande usikkerheita han møter hos mange farlause gutar.

« … nesten som om de dirrer litt, som om det er en stolpe i dem som mangler».

Draumen er familie

Sjølv drøymer han om å skape den familien han sakna i oppveksten.

Foreldrerolla er den mest ansvarsfulle, men også den mest givande oppgåva i livet. Derfor er det positivt at foreldre kan dele erfaringar, og støtte kvarandre.

Nokre råd er heilt gratis. Som å legge vekk mobilen, gi barna konsentrert merksemd og vise interesse for kva dei driv på med.

Håpet er at barn og unge–som treng meir tid med foreldre eller andre omsorgspersonar–kan få juleønsket sitt oppfylt.