I Sunnmørsposten les eg 16. november om bekymring knytt til barn ned i 14-års alderen som kjøper narkotika. Her er det politi og SLT (samordning av lokale-rus- og kriminalitetsførebyggande tiltak) som oppfordrar foreldre til å følge med på ungdommen og deira aktivitetar. Dette for å kunne oppdage eventuell unormal aktivitet, som då kan tyde på kjøp av ulovlege rusmiddel. Eg har sjølv delteke på dette foreldremøtet og har stor forståing for at dei no ropar varsku. Det er nesten som eg tenker fleire bør rope varsku og at dei bør rope enno høgare.

Vi hadde kontroll, trudde vi. Vi såg forandringar, men avfeia det med normal tenåringsåtferd.

Større miljø enn ein skulle tru

Akkurat no så undrar eg meg om foreldre og føresette som les dette tenker «kan dette gjelde min ungdom»? Eller er haldninga: «nei, sånt gjer ikkje min unge lovande»? Dessverre trur eg siste alternativ er mest vanleg. Vi likar ikkje tru slikt. Og eg trur den haldninga kan vere farleg. For trur vi det ikkje, så ser vi det heller ikkje.

Eg saknar heilt ærleg meir saker oppe i media som omhandlar narkotikamiljøet i Ålesund. For dette miljøet er stort, men like fullt usynleg for oss som står utanfor det.

Vi tenker at slikt absolutt ikkje skjer i vår vakre by eller bygd. Og langt ifrå at nokon i vår eigen familie er involverte.

Yngre enn 14 år

Eg vil frå eit pårørande-perspektiv få melde at nokre av dei som bruker narkotika er yngre enn 14 år og at det er mykje hardare stoff i sving enn «berre hasj».

Eg kan også fortelje at når tenåringen først har gitt «veslefingeren» til dette miljøet, der eldre bakmenn sitt og tenar seg rike, så tek dei raskt heile handa deira. Det byrjar sannsynlegvis først med hasj og så får dei stadig tilbod om sterkare stoff. Dei som sel er raskt ute på Snapchat for å «pushe» på barna nye og spennande stoff. Dei har heile alfabetet av rusmiddel på lista si. Og ungdommen vår dei kjøper til dømes via Telegram.

Dei veit å skjule spor, må vite. Dei er ikkje dumme. Men som politiet seier, det kan oppdagast via mange småbeløp på Vipps. Men også ved f.eks. større kontantuttak. For ikkje å snakke om endringar i humør og endringar i vennekrinsen.

Men som regel merkar vi det ikkje, dessverre. Mykje av endringane kan bortforklarast som heilt normale ungdomstida. Hormon, opprør, kjærleikssorg og alt derimellom kan medføre heile skalaen av kjensler. Og enkelte ungdommar snakkar jo nesten ikkje med oss vaksne i det store og heile.

Det skal så lite til før det går riv ruskande gale. Det er ungdom med framtida framføre seg som tek eit lite og dumt val, men som deretter blir sugd inn i elende. Frå alkohol til hasj. Frå hasj til heroin. Dette frå ein månad til ein annan.

Såg forandringar

For den ungdommen eg er pårørande til, så har det gått for langt. Altfor langt. Dette har skjedd utan at vi ikkje viste om kor ekstremt det var blitt. Vi hadde kontroll, trudde vi. Vi såg forandringar, men avfeia det med normal tenåringsåtferd. Så vart det oppdaga litt hasjrøyking. Vi sette fastare grenser, kjærleik og omsorg. Ungdommen fekk samtalar med ruskonsulent.

Han trudde også han hadde full kontroll, heilt til han mista all kontroll. Det enda då med overdose. Vi er djupt takknemlege, for han hadde flaks. Ikkje alle som spelar russisk rulett har det.

Likevel så trur ungdommen vår etter dette at han framleis har kontroll, og forsvarar langt på veg mykje av det som har skjedd. Normalisering. Ufarleggjering. Peikar på liberal ruspolitikk og andre land der cannabis er avkriminalisert. Han ser dokumentarar og følgjer med på ulike miljø. For han er ikkje aleine om å ha desse haldningane.

Ressurssterke heimar

Når ungdommen bikkar 16 år har vi lite makt til å sette i gang inngripande tiltak. Då er vi heilt avhengige av samarbeid. Vil dei ikkje samarbeide, så kjem vi til kort. Då må ting endå meir ut av kontroll, før det kan gå til omsorgsovertaking og tvangsopphald på institusjon. Men er dette vegen å gå, undrar eg? Når endatil politiet meiner at barnevernsinstitusjonar blir inngangsbilletten til rus?

Eg vil også understreke at dette er snakk om ungdom frå gode og omsorgsfulle heimar. Oppegåande foreldre. Foreldre med ressursar. Foreldre med høgare utdanning.

Ungdom som går skule, som arbeidar, som trenar, som har det bra. Fysisk og psykisk frisk ungdom. Narrativet om at ungdom som kjem inn i rusmiljøet berre kjem frå dårlege heimar, låginntektsfamiliar og er psykisk sjuke og med foreldre som ikkje er gode omsorgspersonar, det er feil. Det er også eit farleg narrativ, for det gjer at mange set seg tilbake i sofaen og kviler seg på denne veletablerte «sanninga».

Altfor lett tilgjengeleg

Det som er problemet i dag er at du treng ikkje gå på gata for å spørje etter narkotika. Folka som sel det dei oppsøker heller deg på sosiale medium, på skular, på kjøpesenter, på konsertar, på fest. Det er så lett tilgjengeleg, det er overalt.

Til dømes har 26 prosent av gutane på VG3 brukt cannabis. 14 prosent har brukt endå sterkare stoff som kokain eller heroin. Så på våre største vidaregåande skular er det truleg hundrevis av elevar som rusar seg.

Spørsmålet er heller korleis kan ungdommen unngå å bli tilbydt noko? Og kvifor takkar nokon ja og andre nei?

Politikarar, gje meir pengar til rusførebyggande arbeid og til psykiatrien! Gje pengar til profesjonelle som er der dei trengst, gjer det som trengst – og det til rett tid.

Ver så snill å gje politiet dei ressursane som trengst for å ta bakmennene. Slik at vi får redda ungdommen vår før det er for seint.

Helsing ei fortvila, skamfull og rådvill tenåringsmor.

Sunnmørspostens redaksjon kjenner identiteten til skribenten.