Romsdalseggen og Slogen er berre nokre døme på fjelltoppar som vert nytta i marknadsføringa av fylket vårt. Det er flotte bilete som skildrar naturen vår på ein god måte, men det viser òg eit bilete av kva ein forventar når ein kjem hit.

Allemannsretten

Friluftslova og allemannsretten er til for å verne friluftslivet sitt naturgrunnlag og sikre allmenta sin rett til ferdsel og opphald i naturen, slik at å utøve friluftsliv som ein trivelskapande, miljøvenleg og helsefremjande fritidsaktivitet vert teke vare på og fremja.

(Teksten held fram under bildet)

Samstundes som at friluftslova og allemannsretten gjev oss rett til å bruke naturen, så har ein òg plikter.

Ein kvar som ferdast eller oppheld seg på annan manns grunn skal opptre med omsyn og med varsemd for å ikkje volde skade eller ulempe for andre eller påføre miljøet skade. Etter å ha lese om folk som går på fjelltoppar utan god nok trening eller riktig utstyr, og som set i gang redningsaksjonar, ser ein at det er mange som ikkje har kjennskap nok til dei pliktene ein har ved å nytte naturen.

Dette kan på sikt truge allemannsretten som er heile grunnlaget for det norske friluftslivet som me kjenner det i dag.

Spelemidlar

Møre og Romsdal fylkeskommune fordeler kvart år spelemidlar til friluftslivsanlegg, og fram til no har me ikkje hatt nokre prioriteringar på kva desse skal gå til.

Tidlegare fekk fylkeskommunen berre søknadar om tradisjonelle turvegar og turstiar i låglandet, men når ein ser på trendane innan friluftslivet og reiselivet er det no ei dreiing frå desse stiane til nye typar friluftsanlegg.

Me har mellom anna gjeve tilskot til Romsdalstrappa i Rauma og Den Trondhjemske postveg i Stranda, i tillegg har Digergubben i Midsund fått idrettsfunksjonell godkjenning og kan søkje om spelemidlar.

Prioriteringar

Dei nære turstiane i marka og i bygdene våre har gradvis blitt erstatta med utsatt terreng og turar opp i høgfjellet.

Auka bruk av sherpaer og Via Ferrata for å gjere fjella våre tryggare for turgåarar er gode tiltak, men det gjer at me må stille oss nokre spørsmål om kva fellesskapet sine midlar skal gå til.

I november vedtok me i kultur- og folkehelseutvalet at turstiar og helseløyper i nærområda til der folk bur, friluftslivsanlegg i tilknyting til skular, barnehagar eller andre institusjonar, universelt utforma turstiar og turstiar som inngår i ein heilskapleg plan for utvikling i eit område vert prioritert.

I tillegg skal ein vere varsam med å støtte tilrettelegging i høgfjellet og i eksponert terreng der inngrep er sterkt synlege og det kan vere vanskeleg å gjennomføre redningsaksjonar. Friluftslivstiltak i nærleiken av der folk bur gjer at fleire vil nytte seg av dei og bidreg med å betre folkehelsa.

Fylkeskommunen tar ansvar

Tilrettelegging av friluftslivet løftar fleire spørsmål knytt til folkehelse, bustadutvikling, reiseliv, vern og naturforvalting.

Fylket vårt har eit stort mangfald av naturkvalitetar og innbyggarane våre er opptekne av friluftsliv og å vere i naturen.

Difor er det viktig at Møre og Romsdal fylke no tar på seg eit større ansvar for friluftslivsforvaltinga ved å prioritere spelemidlar som kjem fleire folk til gode, og ved å utarbeide ein regional delplan for friluftsliv.