Prognosen for vekst i verdas største næring går rett til vers. Børsverdien av landskapet vårt er enorm. Samtidig minkar talet på fastbuande.

Menneska som har sett sine kulturspor og gjort landskapet så vakkert, finn ikkje lengre noko å leve av. Nyleg kom sjokkmeldinga om at siste kua er borte i turistbygda Geiranger. Stilna har rauten som folk har levd med i 1.000 år.

Bøndene avviklar ein etter ein. Når melder den siste bonden oppbod? Snart kan bygdene vere tomme. Med bøndene forsvinn og det meste av kulturlandskapet.

Enkelt sagt betyr dette at verdsarvområdet er ein salssuksess. Samtidig er det ein kassafiasko. Kvar blir det av pengane? Kven er det som sit att med gevinsten? Er det rett at nokon tek kostnaden og andre fortenesta? Her må noko vere riv ruskande gale med bytte-forholdet!

Dette var bakteppet då det nyleg vart invitert til krisemøte i Valldal. Der møtte Storfjordens venner, reiselivsnæringa, landbruket, ordførarar, verdsarvadministrasjonen og fylkesmannen.

Spørsmålet var kva som kan gjerast for å redde kulturlandskapet og styrke den faste busettinga. Kven betaler gildet? Møtet var tydeleg i sin dom. Husdyrhaldet må styrkast. Stimuleringstiltaka for landbruket har vore for puslete. Klokka er fem på tolv!

Kulturlandskapet gav oss verdsarven

Innslaget av kulturlandskap, dvs. av far etter folk gjennom uminnelege tider, er grunnen til at UNESCO har gitt Vestnorske fjordlandskap ein meirverdi i forhold til andre verdsarvfjordar på kloden. Flotte fjordar i jomfrueleg terreng i New Zealand, Alaska og Chile var inne på lista før vi kom med. Det uberørte landskapet var frå før godt representert.

Difor var det slett ikkje opplagt at Vestnorske fjordlandskap skulle få plass på den prestisjetunge lista. Det som gav oss ei opning var kombinasjonen av spektakulært landskap og berørt natur.

Det faktum at mennesket her hadde utvikla meistrings- teknikkar som gjorde det mogleg å skaffe seg levebrød «der ingen skulle tru at nokon kunne bu» vakte oppsikt. Det vart vurdert som så spesielt at det vart opphøgd til ein global arv med status verdsarv. Det historiske samspelet mellom menneske, dyr og natur er spegla i kulturlandskapet. Landskapet vert berørt. Det fasinerer og pirrar nysgjerrigheita.

Landskapet er ein viktig historieforteljar. Det fortel om korleis folk lever i kvardagen og om korleis folk levde og overlevde i gamle dagar. Det er sjølve råstoffet i «storytelling» som det så fint heiter i reiselivssjargongen. No treng det ikkje gå lenge før den siste bonden og er borte frå Geiranger.

Dei som skal føre tradisjonane vidare flyttar fordi det ikkje svarar seg å drive jorda. Kven skal då pleie kulturlandskapet? Kven skal då vakte verdsarven? Kven skal då stå for «storytelling» til turistane? Kan vi tillate at noko slikt skjer?

Det mest lønsame landbruket i Noreg

Det er urealistisk, og heller ikkje ønskeleg, å ta vare på alt kulturlandskap. Målet må vere å ta vare på nokre typelokalitetar som fortel historia om gamle dagar.

Verdsarvområda i Vestnorske fjordlandskap peikar seg naturleg ut til dette føremålet. Men kven skal stelle landskapet? Gardbrukarane er for dyre meiner staten. I mitt nasjonalrekneskap finst det ikkje raude tal for landbruket i verdsarvbygdene på indre Sunnmøre.

Eg vågar påstanden at husdyrhaldet i deler av Stranda og Norddal kommune er noko av det mest lønsame i Noreg. Kanskje til og med meir lønsamt enn industrilandbruket på Jæren og langs Mjøsa viss ein tek med heile verdiskapinga.

Problemet er at ein at ein vesentleg del av verdiskapinga vert halden utanfor reknearket, dvs. den delen som produserer vakre landskap og den delen som tek vare på det historiske landskapet.

Vestnorske fjordlandskap – eit «mini- Sveits»

I turistlandet Sveits er kua ei like sterk merkevare som jordbæra er for Valldal. I vårt turistmekka er kua no utrydda. I Sveits får bøndene løn for å pleie kulturlandskapet.

I Sveits vert stell av kulturlandskapet vurdert som ei verdiskaping på linje med bygging og vedlikehald av vegar og bygningar. Der er det ikkje fiber og kaloriar som er hovudformålet med dette landbruket. Der er landbruket eit middel for nå eit mål. Målet er å maksimere profitten frå besøksnæringar.

Kvifor går det ikkje an å tenkje slik her og – for utvalde deler av verdsarvkommunane? Eit landbruk der kulturlandskapet er målet og dei tradisjonelle primærprodukta verkemiddel!

Like viktig som produksjon av fiber og mat må det vere å produsere historie, kultur og opplevingar i verdsarvområda. Det «nye landbruket» – kulturlandbruket – kan ikkje vere ei rein museumsnæring. Samtidig som det tek vare på det historiske kulturlandskapet, skal det og sette nye spor – samtida sine spor.

Det må vere ei kunnskapsbasert næring som jaktar innovasjon og som tek i bruk ny teknologi som ligg innanfor økologien og terrenget sine tolegrenser.

Ei næring basert på økologisk produksjon og kortreist mat. Ei næring som driv verdiskaping gjennom landskapspleie fordi kulturlandskap i dette tilfellet er ei viktig og nødvendig investering i verdas største næring – reiselivsnæringa. Eit slikt landbruk vil og appellere til ungdomen og på den måten sikre fast busetting i – og rundt verdsarvområda.

Bygdene på Indre er eit mini-Sveits. Alt ligg til rette for at vi kan ta vare på verdsarven, sikre den faste busettinga og på den måten generere endå meir verdiskaping i besøksnæringar. Men – før ein slik draum kan bli oppfylt, har vi som politikarar ein jobb å gjere i møte med Akersgata. I ein dialog mellom staten, reiselivsnæringa og lokale styresmakter må det meislast ut ein eigen politikk for Vestnorske fjordlandskap.

Ein politikk der hovudmålet er å styrke den faste busettinga og igjen gjere krøtterhald til ei lønsam næring. Men det er ikkje opplagt at staten, lokalt næringsliv og frivilligheita skal ta kostnaden med spleiselaget åleine.

Kanskje er tida moden for å innføre ei «bomavgift» på brukaren, dvs. den reisande, som kan bidra til finansiering av viktige fellesgode som t.d. kulturlandskapet?

Arne Sandnes. Ordførar i Norddal. Foto: Terje Engås