Kronikk, 14.februar 2017:

– Einsrettinga av informasjon er i store deler av USA langt meir effektiv og total enn i det gamle DDR

Politisk utvikling i den amerikanske kongressen har dei siste 20 åra gått frå tradisjonelt kompromiss-søkande, som vanleg er i parlamentariske demokrati, til konfronterande, på eit vis som minner om før-parlamentariske og før-rettsstatlege tider.

UT MED DOMMEREN President Donald Trump gjekk rett i strupen på dommaren som sette til side innreiseforbodet, og utfordrar med dette maktfordelingsprinsippet. Forfattaren av kronikken meinar at ein situasjon i amerikansk politikk der dei to statsberande partia går i politisk borgarkrig samstundes som vilkåret for vedlikehald av rettsstaten forvitrar, er ikkje vegen til diktatur og kontrollaus maktutøving lang.  Foto: NTB Scanpix

– Det vi nå ser, er ein president som openlyst freistar rokke ved rettsapparatets legitimitet

Kronikk

I dag, med Trump og mannskapet hans i førarsetet, kan det verke som om rettsstat og demokrati skal utfordrast.

Utfordrar maktfordelinga

For nokre år sidan las eg ein artikkel der det vart hevda at USA ikkje hadde hatt ei opplysningstid. Dette skulle forklare kvifor sider ved USA ofte verkar merkelege i europeiske auge.

Atle Måseide (frå Hareid) er instituttleiar ved Filosofisk institutt ved Universitetet i Tromsø 

Først stussa eg: Var ikkje den amerikanske konstitusjonen basert på tankane til Locke og Montesquieu, representantar for europeisk opplysningstid? Maktfordelingsprinsippet, prinsippet om konfesjonslaus stat, dvs. eit rettsstatleg avgjerande skilje mellom området for det private og det offentlege, er å finne her.

Her ligg òg kravet om «checks-and-balances», at systemet skal hyse kontrollordningar som hindrar at det skal kunne bryte saman.

Det vi nå ser, er ein president som openlyst freistar rokke ved rettsapparatets legitimitet. Rettsleg underkjenning, med referanse til amerikansk lov, av dekret han har gitt, blir avvist: retten er blitt politisert, rettslege avgjerder vil vere legale dersom (men også berre dersom) dei er i samsvar med presidentens ønskje.

Autokratiske ambisjonar kjem til uttrykk, einevelde utan opplysning og kontroll.

Informasjons-einsretting

Kan det ligge noko i det amerikanske systemet som opnar for slikt? For om lag ti år sidan las eg ein artikkel i «The New York Review of Books». Den handla om kva det republikanske partiet gjorde etter valnederlaget til Goldwater i 1964.

Partiets svar var ikkje å gå i seg sjølv og finne kva det var ved Johnsons prosjekt om borgarrettar etc. som appellerte til veljarane. Det var å sette opp eit informasjons-system gjennom store deler av USA, først radio, seinare TV, som skulle gi folk, særleg i område der s.k. evangeliske kristne utgjorde fleirtalet, informasjon om korleis stoda i verda og i USA eigenleg var.

Forfattarens konklusjon: Informasjons-einsrettinga er i store deler av USA langt meir effektiv og total enn i det gamle DDR, der dei fleste visste at det fanst alternativ informasjon.

Rom for «fake news»

Det er lett å kople dette til påstanden om manglande opplysningstid: Visst er dei sju-åtte internasjonalt beste universiteta å finne i USA. Men dét hjelper lite om utdanningsnivået generelt er lågt.

Er store deler av innbyggarane utan kunnskap om verda rundt dei, jamvel om eige land og kva som dér går føre seg, utgjer dette i seg sjølv ein effektiv buffer mot reell informasjon. Her trivs «fake news» og «alternative facts».

Slikt er vanskeleg å bli kvitt. Tenk berre over kor ofte du aksepterer det som samsvarer med det du alt meiner – og kor lett du avviser det som ikkje samsvarer.

Kviler på to utopiar

Den ideologiske basis er å finne langt tilbake i tid. Kløyvinga vi ser i USA, mellom «establishment» og «grasrot», har eksistert sidan nasjonen kom til.

Litt karikert kan ein seie at USA kviler på to uforeinlege utopiar:

a) Den eine har røter i opplyst einevelde: Ein opplyst og omsorgsfull eineherskar styrer over likestilte undersåttar på eit vis som sikrar harmonisk samfunnsskipnad.

b) Den andre inneber at folk skal væpne seg og ordne opp seg imellom utan offentleg innblanding – jamvel ha rett til å forsvare seg med våpen mot føderale styremakter. Gud skil rett frå urett: Dei sterke er dei gode – makt er rett. Dei svake går under, som dei fortener. Staten skal ikkje blande seg inn. Skiljet mellom demokratar og republikanarar i amerikansk politikk følgjer, langt på veg, dette.

Særleg etter at «Tea-Party»-rørsla, symbolet for rettferdig oppreist mot urettvise styremakter, fekk fotfeste i og tung innverknad på republikanarane, har partiet utvikla seg til eit slags nasjonal-anarkistisk parti med sterk religiøs slagside, der ideen om føderalt styre – Washington – er blitt hovudfienden.

Da demokratane er tilhengarar av slikt styre, følgjer det at dei er fienden og må motarbeidas. Dette har ein bestemt konsekvens: Av di grunnsynet til demokratane blir avvist, vil det vere eit svik mot eige syn, det eigenleg rette, å inngå kompromiss med dei.

Slik blir t.d. den allmenne blokkeringa av Obamas ulike politiske tiltak skjønleg. Konsekvensen er alvorleg: Parlamentarisk demokrati føreset evne og vilje til kompromiss, som kviler på anerkjenning av andres rett til å ha andre meiningar enn ein sjølv – at desse jamvel kan vere betre.

Undergrev ein samtidig tillit til rettsapparatets evne og vilje til å skilje legalt frå illegalt, er samtidig vilkåret for å ta vare på ein rettsstat under åtak, difor òg svært svekt.

Skjer dét, har ikkje borgarane eigenleg rettsleg vern – verken mot andre eller styremakter.

Ikkje-islamsk sharia

At staten er ikkje-konfesjonell, inneber forbod mot å blande seg inn i borgaranes religiøse tru og måten denne blir utøvd på.

Dette er, særleg gjennom dei siste 20 åra, blitt stegvis fortrengt av religiøse organisasjonars freistnader på å vinne kontroll over politikk og statleg verksemd, inklusivt rettsapparatet.

Ikkje berre utgjer dét eit forsøk på å fjerne skiljet mellom det private og det offentlege. Det inneber faktisk forsøk på innføring av ei form for ikkje-islamsk sharia og såleis i strid med rettsstaten.

Kunnskaps-hat har fått gode kår. Offentleg investering i utdanning på t.d. universitetsnivå går ned.

Kunnskap slike institusjonar formidlar, t.d. om klima, er uforeinleg med oppfatninga til republikanarar og den til nå undertrykte folkevisdommen.

Toparti-systemet sårbart

Eit fleirparti-system garanterer sjølvsagt ikkje mot slikt. Men eit reint toparti-system er meir sårbart.

I den augneblinken dei to statsberande partia forlèt feltet for politikk og fell tilbake på ei form for politisk borgarkrig, der (særleg) den eine parten demoniserer den andre, er alternativa brukte opp.

Forvitrar i tillegg vilkåret for vedlikehald av rettsstat, er vegen ikkje lang til diktatur og kontrollaus maktutøving.