Det står generelt bra til når det gjeld tilrettelegging rundt skulemåltidet i grunnskulane i Møre og Romsdal.

Dette viser ei kartlegging som vart gjennomført våren 2017 av Møre og Romsdal fylkeskommune og Møre og Romsdal idrettskrets.

Føremålet med kartlegginga var å innhente kunnskap og kartlegge grunnskulane i fylket sine rutinar for mat og måltid i skulen.

Det er tatt utgangspunkt i Helsedirektoratet si «Nasjonal fagleg retningslinje for mat og måltider i skolen», som kom ut i 2015.

Undersøkinga vart sendt til alle 200 grunnskular i dei 36 kommunane i fylket. 94 skular i 31 av 36 kommunar svarte.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!

Nokre av funna

Her nokre av funna som vart gjort i undersøkinga:

• Alle skulane som har svart på undersøkinga har matpause dagleg.

• 94 % av alle skulane har sett av 20 minutt eller meir til matpause, slik Helsedirektoratet anbefaler.

• Alle barneskulane har tilsyn under heile matpausen, og alle skular legg til rette for god handhygiene med varmt vatn og såpe, og moglegheiter for å vaske hender før ein et.

• Alle skulane tilbyr kaldt drikkevatn i form av springvatn, dispenser eller begge deler.

• Heile 96 % av skulane tilbyr mjølk fem dagar i veka. Når det gjeld tilgang til annan type drikke er det få skular som tilbyr annan drikke enn vatn og mjølk, men nokre tilbyr drikke som juice gjennom skulekantine eller kjøpsautomatar.

• Ingen av skulane tilbyr brus. Anna drikke med sukker, som iste og liknande, seier ikkje undersøkinga noko om.

• Ingen skular tilbyr søtsaker, verken gjennom kjøpsmaskin eller kantine.

• 15 skular har tilbod om kantine fem dagar i veka. I tillegg har ein skule tilbod om kantine ein dag i veka, to skular har tilbod to dagar i veka og ein skule har tilbod om kantine tre dagar i veka.

Dei skulane som har eit tilbod har eit varierande utval av matvarer, der det vert tilbydt mest grove brød, kornprodukt, ost og andre meieriprodukt.

Utfordringar

I følgje «Nasjonal faglig retningslinje for mat og måltider i skolen», er det utfordringar knytt til barn sin skulemat.

Barn et til dømes for lite frukt og grønt. Den siste rapporten frå Helsedirektoratet «Utviklingen i norsk kosthold» (2015) viser ein positiv tendens i at vi et meir frukt og grønsaker enn tidlegare.

Inntaket av grønsaker aukar mest, men framleis er inntaket for lavt.

Heile 42,5% av skulane i Møre og Romsdal har ikkje tilbod om gratis frukt og grønsaker for elevane sine.

Rapporten «Sosial ulikhet i helse: En norsk kunnskapsoversikt» frå Høgskolen i Oslo og Akershus (2014), seier mykje om utjamning av sosiale ulikskapar i helse.

Den viser mellom anna til at det einaste tiltaket ein har sett som har hatt effekt på utjamning av sosiale ulikskapar i helse blant barn og unge, er det gratis fruktmåltidet i skulen.

Denne ordninga med gratis skulefrukt vart diverre fjerna av regjeringa i 2014.

I rapporten står det følgjande:

«Ordningen med gratis frukt og grønt i grunnskolen har vist seg å ha varig positiv effekt på utjevning av barn og ungdoms kostvaner, og bør ifølge Verdens Helseorganisasjon sin evaluering, utvides til å omfatte alle skoler.»

Alle skulane som har svart, ser verdien av gode rammer rundt måltidet, og kva det har å seie for barn si evne til å konsentrere seg. Det kjem likevel fram at ikkje alle skulane har same fasilitetar, moglegheiter og ressursar. Det gjer at ikkje alle skulebarn får det same tilbodet, til dømes:

• Servering av frukost kvar dag, og moglegheiter til å smørje matpakke

• Eigen frukostklubb og felles lunsj for elevar og lærarar, frå ein til fleire gongar per veke.

• Servering av eit varmt måltid, slik nokre skular har gjennom samarbeid med lokale helselag og andre organisasjonar.

Det er gledeleg å lese i Romsdals Budstikke, at Tresfjord oppvekstsenter har innført eit smørjemåltid kvar dag for sine elevar.

Vi oppmodar kommunane på to område:

1. Alle skulebarn bør få eit gratis måltid på skulen kvar dag.

Tilrettelegging rundt skulemåltidet er noko å ta tak i på lik linje med planlegginga av ulike fag. Dersom barn ikkje har ete, eller ikkje får i seg nok og riktig mat, vil evna til å lære og konsentrere seg bli svekka.

I tillegg er rammene rundt måltida viktig for trivsel, hygge, sosialisering og fellesskap. Ikkje alle barn har dei same føresetnadane for å få frukost heime, og få med seg matpakke på skulen.

Eit gratis måltid på skulen kvar dag, vil bidra til betre helse, auka moglegheiter for læring, og utjamning av sosiale helseforskjellar.

2. Start opp att ordning med gratis frukt og grønsaker

Det er viktig at ein startar opp at ordninga med eit gratis frukt og grønt-måltid for alle skulebarn.

Dette kan bidra til at barna får i seg meir frukt og grønt i kvardagen, noko som gir utjamning av sosiale helseforskjellar på sikt, og fører til betre helse.

Fleire av grunnskulane i Møre og Romsdal tilbyr mat og frukt og grønt-måltid til elevane sine kvar dag.

Målet må vere at alle skuleelevar får det same tilbodet, uavhengig av kva skule og kommune eleven bur i. Grunnskulane i Møre og Romsdal har gode føresetnadar for å lukkast!

Marit N. KrogsæterLeiar i kultur- og folkehelseutvalet i Møre og Romsdal

Kåre SæterStyreleiar i Møre og Romsdal idrettskrets

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.