Kronikk om Pride-bevegelsen og barns rettar:

«Skal vaksne sine behov trumfe barna sine rettar?»

For Marit Johanne Bruset er spørsmål knytt til barn sine rettar opp mot vaksne sine ynskje grunnen til at ho ikkje vil delta i Ålesund pride.

Familie: Er far og mor og barn den einaste rette familieforma, eller kan det like godt vere far, og far og barn? Skal einslege få rett til prøverørsbefruktning? Har ein ein rett til å få barn, eller skal barna sine rettar gå føre den enkelte vaksne sitt ynskje om å verte foreldre? I fleire av desse spørsmåla har grensene for kva som er akseptert og kva som er vanleg blitt flytta over tid. For Marit Johanne Bruset er spørsmål knytt til barn sine rettar opp mot vaksne sine ynskje grunnen til at ho ikkje vil delta i Ålesund pride. Illustrasjonsfoto. 

I forhold til familieformer så er vi langt på veg i ferd med å skape eit samfunn der vaksne sine behov trumfar barna sine behov

Marit Johanne Bruset

Marit Johanne Bruset, psykologspesialist og barnefagleg sakkunnig. 

Kronikk

FRI Ålesund og Ålesund sentrumsforening står bak Ålesund pride som blir arrangert i månadsskiftet august-september. Det har vore brei mediedekking av arrangementet. Mange har formidla sin støtte og få har hittil kome med kritiske merknadar.

Det som har blitt omtalt verkar tilforlateleg, og det er ikkje vanskeleg å gi støtte til kampen om at alle, uavhengig av seksuell orientering, kjønn, kjønnsidentitet eller uttrykk, skal ha like rettigheiter, plikter og vern i tråd med menneskerettane.

Men før ein tar stilling til om ein skal delta i Ålesund pride, meiner eg det er viktig å vite meir om kva FRI (Foreningen for kjønns- og seksualitetsmangfold) og Pridebevegelsen står for – og kva ein støttar ved å delta.

Det er verdt å merke seg at Familie er årets tema i alle Pridearrangement, og at PolyNorge er tatt inn som ny gruppe under den stadig veksande «prideparaplyen».

Bryllupet i Ålesund utløste splid i KrF:

– Viser med all tydelighet at Pride fortsatt er nødvendig

4. august giftet Louise-Hill Vegsund fra Ålesund og KrFs kommunikasjonssjef Mona Høvset seg i Vegsund. Hun er glad for at det skal være Pride i hjembyen neste uke.


For polygami

PolyNorge er ein organisasjon som kjemper for at det skal bli tillate med polygami i Norge, dvs. at fleire enn to personar skal kunne inngå partnarskap eller ekteskap.

Både familietemaet og inkluderinga av PolyNorge harmonerer med FRI og pridebevegelsen sin kamp for å utvide familieomgrepet.

Det vert hevda at familiar kjem i alle former, og at alle er like riktige.

FRI vil avskaffe forholdet mellom mann og kvinne som det naturgitte grunnlaget for familien. Dei kjempar for eit samfunn med ope syn på kjærleik («Alt er Love»), eit ope syn på kjønn, seksualitet og samlivsformer.

Bodskapen er at familiestrukturar kan vi definere sjølve, også om det inneber polygami.


Barn sine rettar

For meg er det klart at denne ideologien kolliderer med barn sine menneskerettar, og også med kva eg vurderar som gode og trygge oppvekstrammer for barnet.

Den som les FNs Barnekonvensjon, som Norge faktisk har forplikta seg på, ser at prideideologien går på tvers av kva som er barnet sine rettar.

I Barnekonvensjonen står at barnet så langt det er mogleg, har rett til å vekse opp med sine biologiske foreldre.

Det er verdt å merke seg at Barnekonvensjonen vil ha forrang (presedens) dersom nasjonale lover kjem i konflikt med denne.

At våre folkevalde har bestemt seg for å sette Barnekonvensjonen til side i viktige bioteknologiske spørsmål (t.d. ved å tillate eggdonasjon og assistert befruktning for einslege) meiner eg i denne samanhengen er eit stort tankekors. (Det er elles spanande å sjå kor lang tid det vil ta før den første saka vert prøvd for den internasjonale domstolen på dette området.)

Behov for mor og far

Mine erfaringar frå fleire tiår i klinisk arbeid med barn, unge og vaksne er i tråd med Barnekonvensjonen når det gjeld barn sitt behov for både ei mor og ein far.

Ei mor og ein far har ulike funksjonar overfor barnet, dei har ulike roller og er forskjellige rollemodellar for barnet.

Dei fleste er nok einige i at familien utgjer ein viktig byggestein i samfunnet og at den gir rammeverk for barn sin oppvekst og for samliv. Men korleis vi tenkjer om familien og korleis vi som samfunn tilrettelegg for denne, får konsekvensar for barn sin oppvekst på så mange område.

Så langt i samfunnsdebatten, har det vore einigheit om at det er barnet som har rett til foreldre; dvs. at barn ikkje skal gjerast til eit objekt og ein rettigheit for dei vaksne. Det betyr at ingen kan krevje retten til barn.

Ministerbesøk under Ålesund Pride – og over 20 organisasjoner har meldt seg på

Helseminister Bent Høie og ektemannen kommer til Ålesund for å delta og holde appell under Pride.


Hevdar seg ein særrett

At FRI og pridebevegelsen, hevdar seg ein slik særrett, finn eg både ulogisk og urimeleg.

I forhold til familieformer så er vi langt på veg i ferd med å skape eit samfunn der vaksne sine behov trumfar barna sine behov på viktige område. Barn må i stor grad tilpasse seg dei vaksne sine levesett og skiftande samlivsformer.

Polygami som no er blitt ei kampsak i pridebevegelsen, vil etter mitt syn skape ei omsorgsramme som er klart uforeinleg med barn sine behov for stabilitet og kontinuitet.

Altfor ofte vert debatten om familieformer og barn forenkla til spørsmålet om personar med annan seksuell legning enn den heterofile, kan vere gode omsorgspersonar, eller om barn kan ha ein god oppvekst hos einslege foreldre.

For ikkje å bli misoppfatta, så vil eg her understreke at eg vurderer omsorgsevner som likt fordelte uavhengig av seksuell orientering og legning.

Eg meiner og at mange barn har ein god oppvekst hos einslege foreldre.

Det er ikkje det spørsmålet om retten til familie og familieformer dette handlar om!

Toleranse endrar liv

Eg har både i yrkessamanheng som klinisk psykolog i fleire tiår, og i privat samanheng, møtt ein del homofile og lesbiske. Eg har på nært hald opplevd den tunge og belastande livssituasjonen mange står i.

Eg har også fått erfare at toleranse og aksept faktisk reddar liv. Mi meining er at alle, uavhengig av seksuell legning og orientering, har rett til å vere seg sjølve og har rett til å elske den dei vil.

Eg meiner at alle menneske, uavhengig av seksuell legning og orientering, har same verdi og er likeverdige menneske.

100.000 kroner i Pride-støtte

Formannskapet vil støtte Ålesund Pride med 100.000 kroner.


Vil ikkje støtte

Men for meg så handlar spørsmålet om deltaking i Ålesund pride om at barn sine menneskerettar og kva oppvekstrammer vi tilbyr barn, veg tyngre enn vaksne sine ønske og behov.

Eg finn ikkje å kunne gi støtte til kravet om retten til familie (medrekna retten til barn), og eg kan heller ikkje støtte kravet om legalisering av polygami. På bakgrunn av dette vert mitt standpunkt at eg ikkje ønsker å delta i Ålesund pride.

Marit Johanne Bruset
Psykologspesialist og barnefagleg sakkunnig

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.

Synes du flere bør lese dette innlegget? Del det på Facebook!