Jostein Fet er ein helt for meg. Ikkje berre har han gjort det viktigaste forskingsarbeidet sitt etter at han vart pensjonist, men han har òg flytta merkesteinar i norsk historieforsking. Med bøkene om lesande og skrivande bønder, har han prova at norske bønder kunne lese og skrive lenge før det vart obligatorisk skulegang her i landet. I år har den siste boka hans kome ut – og mannen er 91 år gammal!

Det som òg gjer det så godt å lese bøkene hans, er at dei er gjennomsyra av ein djup respekt og kunnskap om det samfunnet og dei menneska han skriv om.

Den store samfunnsskildraren på 1800-talet, Eilert Sundt, var ein eineståande forskar, men han var ein framand. Fet, derimot, kjenner kulturen ut og inn. Han veit kvifor folk tenkjer som dei gjer, og han skriv og snakkar eit språk som spring ut av den same kulturen.

I eit intervju med han i siste nummer av Noreg mållag sin medlemsavis, Norsk Tidend, seier han noko interessant om den religiøse litteraturen:

«Når eg forklarar den religiøse litteraturen, kjem det av at religionen tidlegare var åndsinnhaldet for store deler av folket. I dag er dette gløymt og blir ikkje nemnt i litteraturhistoria i det heile. Ho er vorten utfasa som uinteressant. Eg er ikkje nokon religiøs mann, men denne litteraturen betydde svært mykje for 95 prosent av det norske folket heilt fram til i alle fall 1800. At han ikkje blir teken med som ein del av den norske lesinga fram til då, det tykkjer eg er ille.»

Eg trur at dette gjeld for meir enn litteraturen. Det folkelege religiøse universet som var sjølvsagt for forfedrane våre til langt inn i førre hundreåret, er no framandt for dei fleste nordmenn. Dersom ein ikkje forstår dette universet, forstår ein heller ikkje korleis og kvifor folk tenkte og handla. Religiøs tru handlar om korleis ein både forstår livet og korleis ein lever det.

Kristendomen har prega landet vårt i 1000 år, haugianarrørsla og den lågkyrkjelege kristendomen har prega særleg Vestlandet i 200 år. Denne kristendomen, som har gjeve karakter til kulturlandskapet på Vestlandet med sine mange bedehus, set mange ofte i samband med livsfornekting og stenge moralske domar. Men den same kulturen gav òg folket fridom til sjølve å tolke si tru, ubunden av presten. Den gav folk sjølvkjensle og sosial oppdrift.

Det er ikkje for ingenting at mange av bedriftene på Sunnmøre, vart starta av sterkt religiøse menneske. Å forstå dette åndslivet kan òg hjelpe oss til å forstå andre samfunn og tenkjemåtar der verdsforståinga framleis er religiøs.

Sunnmøre Museum arbeider no med å få flytta og sett opp på museumsområdet eit av dei aller eldste bedehusa på Sunnmøre som framleis står, Åkre bedehus på Haramsøya. Dersom ein klarer å reise dei pengane som trengst. Dette bør vere eit viktig prosjekt for heile landsdelen. Kva er vel eit folkemuseum på Sunnmøre utan eit bedehus? Rett nok er åndslivet ein immateriell kulturarv, men han har òg late etter seg konkrete kulturminne. Dei er viktige for å kunne formidle og forklare den trua og dei menneska som forma Sunnmøre.