Med ungskogpleie i skogbruket meiner vi tynning av plantefelt og rydding av krattskog som øydelegg for veksten til skogplantene. Det er fleire grunnar til at ungskogpleie er så viktig at staten løyver tilskotsmidlar til arbeidet.
Gjennom fotosyntesen fangar veksande skog opp store mengder karbondioksid (Co₂). Denne gassen fører som kjent til drivhuseffekt og global oppvarming. Ungskogpleie er av dei mest kostnadseffektive klimatiltaka nasjonalt ifølge Klimakur 2030 og ulike stortingsmeldingar. Derfor er det av interesse for heile samfunnet at skogen blir stelt og forvalta på ein god måte.
Oppfordring frå Statsforvaltaren: Skyt meir hjort
For skogeigaren representerer vekst i skogen forrenting av kapitalen og framtidige inntekter. For skogeigaren vil ungskogpleie auke verdien på eigedommen. Tilskotsordningane er med på å gjere ungskogpleie til ein svært lønsam aktivitet for skogeigaren.
Når, korfor og korleis gjennomføre ungskogpleie
Ungskogpleie gir meir klimasterk skog og flyttar produksjonen over på dei trea som gir auka kvalitetsproduksjon. Ungskogpleie fører til auka tilvekst og auka CO
Rett gjennomført ungskogpleie sikrar også betre stabilitet for attståande tre, og minskar dermed faren for vindfall.
Ungskogpleie vert normalt gjennomført 10–15 år etter planting. Då er gjerne dei trea ein ønskjer å satse på frå 1–4 meter. På dei fleste ungskogfelt så kjem det oppslag av fleire lauvtreslag. Oftast mest bjørk, men rogn, osp og selje er vanleg. Desse treslaga veks raskare enn gran og furu dei første vekståra, sjølv om gran og furu litt lenger ute i vekstsyklusen gjev ein betydeleg større produksjon.
Lauvtrea kan gi skade på bartrea ved «pisking», spesielt på toppskuddet. Hemming av vekst og skadar vil gi lengre tid frå planting til hogst, lågare kvalitet og volumproduksjon. Dette kan redusere arealavkastninga med opp mot 50 % i bestand med mykje lauvinnblanding.
Denne krabaten tar seg opp bratt skogsterreng
Skogen har fleire føremål, mellom anna å ta vare på biologisk mangfald, og dette må ein ta omsyn til ved gjennomføring av ungskogpleie. Stiar skal også vere rydda for kvist. Det skal stå att minst 10 % med lauvtre etter ungskogpleie.
Tilskot og skogfond
Kommunane har allereie fastsett retningsliner og tilskotssatsar for ungskogpleie. Dei ekstra tilskotsmidlane skal ikkje nyttast til å auke satsane, men sikre at kommunane ikkje går tomme for midlar. Generelt kan ein seie at det er høge tilskotssatsar for ungskogpleie i vårt fylke. Restkostnaden utover tilskot kan dekkjast med skogfond.
Skogeigarane kan gjere arbeidet sjølv eller leige inn entreprenørar. Kontakt kommune eller næringsaktørane i skogbruket for råd og hjelp til ungskogpleie.
Statsforvaltaren i Møre og Romsdal vil oppmode til at skogeigarane, kommunane og næringsaktørane aukar innsatsen for å få opp ungskogpleieaktiviteten i 2022. Behovet er stort, og aktiviteten har vore liten i føregåande «koronaår».