Leder 6. februar:

«Dramatisk om ikkje vi klarer å stanse forsøplinga»

Plastforureining: I midten av biletet heng ei havsule livlaus utfor reirkanten, kvelt av restane frå fiskegarn. 

Dermed kan miljøgiftene flytte seg oppover i kjeda og ende hos dyr og menneske som et fisk

Leder

Forskarar fann 30 plastposar og store mengder småplast i magesekken til den sjuke og utmagra gåsenebbkvalen som stranda på Sotra nyleg.

Vi har lenge visst at plastforureining i havet er eit problem, men bileta av plasten i den stakkars kvalen vart ei alvorleg påminning om omfanget av dette miljøproblemet. Dersom vi ikkje klarer å redusere plastforureininga i havet, men held fram som i dag, blir konsekvensane katastrofale.

I havet vest av Ålesund er det ekstra store mengder plast, i følgje Havforskingsinstituttet. Mykje av dette søppelet kan sporast tilbake til fiskerinæringa. I ein reportasje i Sunnmørsposten i fjor viste vi bilete av ei havsule i fuglefjellet på Runde. Den hang livlaus utanfor reirkanten.

Fuglen var blitt kvelt av fiskegarn, fordi fuglane hadde bygd seg reir av tang, tare – og plast. Marin forsøpling påfører både fugl, fisk og dyr store lidingar, når dei forvekslar plast med mat eller surrar seg fast i plastsøppel. Det er rekna ut at over ein million sjøfugl og over 100.000 sjøpattedyr kvart år blir skadde eller mister livet på grunn av dette.

Havforskningsinstituttet: Forskere har funnet spesielt mye plast i havet vest for Ålesund

I tillegg til all plasten som kjem frå fiskeri, hamnar svært mykje plastsøppel frå land i havet. Ny rapport frå World Economic Forum (WEF) viser at det blir dumpa plast tilsvarande ein fullasta søppelbil i havet kvart einaste minutt. Det blir svimlande åtte millionar nye tonn i året på verdsbasis. Havstraumane fører søppelet over landegrensene.


Fuglefjellet på Runde

Krykkja er nærast borte frå Runde

– Eg opplever ein sorgreaksjon, seier ornitolog Alv Ottar Folkestad etter årets fugleteljing. Men det er også lyspunkt.

Forskingsrapportar viser at dersom vi ikkje stansar forureininga, vil havet innehalde meir plast enn fisk, målt i vekt, innan 2050. Det er mildt sagt dramatisk. Plasten i havet blir brote ned til mikropartiklar som blir tatt opp i marine organismar. Dermed kan miljøgiftene flytte seg oppover i kjeda, og ende hos dyr og menneske som et fisk.

For ein sjømatnasjon som Norge er det heilt avgjerande at vi kan klare å halde havet reint. Vi må for all del unngå å forgifte maten vi skal leve av i framtida. EU har innført lov som forpliktar landa til dramatisk reduksjon av plastbruk. Både Frankrike og Italia har innført forbod mot dei tynne mikroplastposane. Norge bør snarast gjere det same. Det er behov for ei rekkje tiltak for å redusere mengdene av plastsøppel. Som forbrukarar kan vi også bidra, ved å sørge for at plasten går til resirkulering – og ikkje hamnar i havet.