For det var med forvaltningsreforma i 2010 at fylkeskommunane overtok ansvaret ei rekkje statlege oppgåver og ansvarsområde.

Den største haugen på dette lasset var det som då vart kalla «øvrige riksvegar» – ein stor del av riksvegnettet med tilhøyrande ferjestrekningar.

I regjeringa sitt skriv til fylkeskommunane heitte det at dei overtok dette «med den standard det har og tilhørende rettigheter og forpliktelser på overtakelsestidspunktet».

Formuleringa kunne godt vore henta frå ein bruktbilhandel, og parallellane er slåande på fleire måtar.

Ikkje før hadde forvaltningsreforma byrja å rulle, så dukka det opp den eine mangelen etter den andre.

At det skorta på vedlikehaldet var kjent, men slett ikkje kor gale det var.

Så kom også nye krav til ferjedrifta og til tunnelsikring som toppa det heile, utan at overføringane frå staten heldt tritt.

For få år sidan vart vedlikehaldsetterslepet kostnadsrekna til 55 milliardar kroner.

Møre og Romsdal, med sine mange tunnelar, er eitt av fylka som slit mest.

I 2012 var etterslepet her kostnadsrekna til 5,6 milliardar.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!

Sidan den gongen har det synt seg at kostnadane til tunnelsikring var altfor lågt i dette reknestykket.

I tillegg kjem behovet for å oppgradere ferjekaiene, som vi også har i dette fylket.

Tilsvarande er det i dei andre tunnelfylka, Sogn og Fjordane og Hordaland.

Størst er etterslepet i Nordland.

Hadde dette vore ein bruktbilhandel ville kjøparen med stor rett kunne gått til seljaren og krevje kjøpet heva.

I staden har fylkespolitikarane og vegbyråkratane blitt sett til å mekke på eit vrak som har blitt i stadig dårlegare stand.

Det må eit krafttak til for å snu dette, men det bør ikkje skje ved å ta pengar frå høgst naudsynte tiltak på stamvegnettet – slik som Møreaksen.

Vi må bruke meir på samferdsel totalt sett, og fylka må setjast i stand til å vareta dei oppgåvene dei vart påført i 2010 – av Senterpartiet.