«Tilsette i barnevernet må få betre vern mot hets»

Trugsmål og hets av tilsette i barnevernet er trugsmål mot dei i samfunnet vårt som har svakast vern, barn som lir under omsorgssvikt. Omfanget av slike trugsmål er no så stort at det er på tide å setje inn ekstraordinære tiltak.

NETTHETS Barneverntilsette blir utsette for stadig meir hets og trugsmål via internett og sosiale medium, og kvar femte fortel at dei har vurdert å slutte i jobben. 

Trugsmål mot den enkelte tilsette – eller deira barn, sitt liv og helse er ingen bagatell

Leder

Sjølvsagt skal ingen oppleve å bli trua på liv eller helse for å gjere den jobben dei er sett til å gjere. Dette gjeld alle yrkesgrupper.

Auken i hets og trugsmål mot tilsette i kommunalt barnevern er likevel ekstra alarmerande.

Nær kvar fjerde tilsett seier i ei undersøking som er utført av Fellesorganisasjonen (FO) at dei i løpet av det siste året har blitt utsett for ein eller annan form for netthets.

Dette spenner frå sjikane og krenking av privatlivets fred til alvorlege trugsmål mot dei sjølve eller andre.

Tryggleiken til dei tilsette i barnevernet er eit arbeidsgjevaransvar. I det kommunale barnevernet er det altså leiinga i den enkelte kommunen som må ta eit større ansvar.

Kommunar og stat kan også informere meir om barnevernet sitt arbeid, for å byggje ned «fiendebiletet» og den frykta som ligg bak dei negative haldningane til barnevernet.

Stilt overfor reine trugsmål, retta mot den enkelte tilsette privat eller deira familie og barn, er det derimot vanskelegare for arbeidsgjevar å stille opp med eit effektivt vern.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!

Dette er saker som må meldast til politiet, slik at dei som står bak slike trugsmål, kan bli stilt strafferettsleg til ansvar.

Når vaksne og tilsynelatande oppegåande personar står fram på sosiale medium med slike trugsmål – eller forsvarar dei, er det ikkje noko vi skal bagatellisere som uttrykk for frustrasjon eller fortviling. Trugsmål mot den enkelte tilsette – eller deira barn, sitt liv og helse er ingen bagatell.

Kvar femte tilsette i barnevernet fortel at dei har vurdert å slutte i jobben på grunn av hets og trugsmål.

Det er svært, svært alvorleg, og må takast langt meir alvorleg av både arbeidsgjevarar, styresmakter og politi og påtalemakt.

Vi treng eit betre barnevern, og då treng vi dyktige fagpersonar har lyst til å jobbe der. Difor er det ekstra viktig å skjerme barnevernstilsette mot hets og trugsmål. Det skuldar vi dei og det skuldar vi barna dei skal gi hjelp og vern.

Sunnmørsposten ønsker en åpen og saklig debatt. Alle innlegg blir kontrollert etter publisering. Vi forbeholder oss retten til å forkorte, redigere og fjerne innlegg.
Leder