Leiar om barnehage:

«Mange småbarn treng meir enn tre dagars tilvenning»

God start: I desse dagar er det mange småbarn som treng litt ekstra tid for å bli kjent i barnehagen. Foto: NTB Scanpix 

Det er behova til barna som må stå i sentrum, ikkje behova til vaksne

Leder

I løpet av dette året skal rundt 45.000 norsk eittåringar begynne i barnehage. Den nye rammeplanen for barnehagen, som vart innført 1. august i år, stiller tydelege krav til kva dei tilsette skal gjere for at barna skal ha det bra. Det er positivt. Dei aller fleste norske barn går i barnehage frå dei er eitt år gamle, og for samfunnet er det heilt avgjerande at barna får gode oppvekstår.

Her finn du fleire av leiarane i Sunnmørsposten!

Den nye rammeplanen skal gjere det enklare for foreldre å vite kva dei kan forvente av barnehagen, og kva krav dei kan stille. For første gong blir det til dømes lagt føringar for korleis barna skal ha det i tilvenningsperioden, og fleire barnehagar må legge om rutinane sine på dette området. Undersøkingar viser at dei fleste barnehagar praktiserer tre dagars tilvenning, der foreldra er saman med barna inntil tre dagar før dei blir overlatne til nye vaksne. Tredagars regelen har ingen basis i pedagogisk forsking, ifølge professor i pedagogikk, May Britt Drugli. Tvert om viser ny forsking at enkelte språklause eittåringar kan ha behov for gradvis tilvenning over fleire månader for å finne seg til rette. Det viktige er å ta omsyn til at barn har ulike behov. Enkelte barn finn seg raskt til rette, medan andre treng mykje lenger tid. Det er behova til barna som må stå i sentrum, ikkje behova til vaksne. For barn som er utrygge, har det ikkje bra.

Tidlegare i år vart resultata frå den første norske undersøkinga av barns stressnivå publisert. 112 småbarn frå 85 ulike barnehagar i seks kommunar deltok, og ved hjelp av spyttprøver kunne forskarane måle nivået av stresshormonet cortisol. Undersøkinga viste at også mange norske barn har ein auke i stresshormon på barnehagedagar, medan nivået er fallande dei dagane barna er heime. Vidare fann forskarane ut at barn som dagleg var i barnehagen åtte-ni timar hadde høgare stressnivå, enn barn med kortare dagar. Det viktigaste for kvaliteten i barnehagen, er at kontakten mellom barn og vaksne er tillitsfull. At barn opplever omsorg er ein føresetnad for tryggleik og trivsel, og for at dei utviklar empati og omsorg for andre. Derfor må tilhøva leggast til rette for at alle barn får ein trygg og god start.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!

Sunnmørsposten ønsker en åpen og saklig debatt. Alle innlegg blir kontrollert etter publisering. Vi forbeholder oss retten til å forkorte, redigere og fjerne innlegg.
Leder