Sjølv om talet på besøkande på gudstenester i Den norske kyrkje går tilbake elles i året, held julegudstenestene stand. I vårt område var det fleire kyrkjer som arrangerte både to og tre gudstenester julaftan for å få plass til alle. Flest var det i Spjelkavik kyrkjelyd, som i tillegg til tre gudstenester i Spjelkavik kyrkje, også hadde ei gudsteneste på Borgund folkehøgskole. Vår Frue katolske kirke i Ålesund inviterte til både morgonmesse og julenattmesse, på polsk og norsk. I tillegg vart det arrangert julegudstenester i andre kristne meinigheiter, som til dømes Pinserørsla.
Jul i Spjelkavik kirke: - Ikke bare rusmisbrukere, ulykkelige og ensomme
Det er julaftan som har flest besøkande, sjølv om 1. juledag er den store høgtidsdagen. Å feire julotte grytidleg 1. juledag har lange tradisjonar. På våre kantar blir det framleis praktisert i Syvde, Ørsta, Volda og Larsnes. Mange møter opp klokka sju juledagsmorgon for å lytte til evangeliet.
Heilt sidan 400-talet er 25. desember blitt feira for å markere at Jesus er lyset i verda. Nøyaktig kva dato og årstal Jesus vart fødd er forskarane usamde om, og det er lite truleg at fødselen skjedde i desember år null. Det viktige er ikkje datoen, men feiringa av det store mysteriet om at Gud kom til verda som menneske. Han kom som eit fattig, forsvarslaust barn – ikkje ein krigslysten herskar. Det er ei av dei sentrale forteljingane som har prega kulturen vår. Jesu fødsel har lagt grunnlaget for vår tidsrekning. I jula feirar vi at kjærleiken er sterkare enn all vondskap, og det gir lys i mørketida.
Paven: Dagens flyktninger er som Josef og Maria
Tal frå Statistisk sentralbyrå viser at godt over ein halv million nordmenn går til kyrkje julaftan kvart år, med liten nedgang frå år til år. I 2016 var det 553.000 deltakarar i julaftans gudsteneste, og i tillegg kom dei andre gudstenestene i jula. I Møre og Romsdal var det 34.000 som deltok på gudsteneste julaftan i fjor. Elles i året er det langt færre. I 2016 var det totalt over 5,6 millionar deltakarar på gudstenester i Den norske kyrkje. Det er 332.000 færre enn for fire år sidan, men vitnar framleis om ei sterk folkerørsle.