Leiar, 10. desember:

«Nordøyvegen må fullførast»

Tysdag skal lagnaden til Nordøyvegen avgjerast. Spørsmålet denne gongen er om arbeidet som er påbegynt skal utsetjast og i praksis avsluttast, eller fullførast.

Avgjerd: Arbeidet med Nordøyvegen er i gang. Tysdag skal det avgjerast om prosjektet skal halde fram.  Foto: Johan Behrentz

Sambandet opnar mulegheiter for nye arbeidsplassar

Leder

For to år sidan vedtok fylkestinget med stort fleirtal å bygge Nordøyvegen. Arbeidet er godt i gang, og det er grave ut enorme tunnelpåhogg i landskapet på Haramsøy, Flemsøy/Skuløy, Fjørtoft og Harøy. Årsaka til at saka kjem opp på nytt i fylkestinget, er at anbodsprosessen viser at prosjektet blir langt dyrare enn rekna med. Fylkesrådmannen meiner at Nordøyvegen blir eit tapsprosjekt som vil krevje store innsparingar, særleg dei ti første åra.

Nye beregninger hjelper lite

Fastholder nei til Nordøyvegen

Nye inflasjonsjusterte beregninger hjelper lite. Det fastslår fylkesrådmann Ottar Brage Guttelvik i et nytt notat til fylkestinget.


Selskapet Deloitte meiner derimot at Nordøyvegen vil bli eit lønsamt prosjekt, mellom anna fordi fylkeskommunen vil spare pengar på ferjedrift og framtidige investeringar. Saka som dei folkevalde skal ta stilling til er på ingen måte enkel, og det er gode argument på begge sider.

Den nye Nordøyveg-analysen som kom før helga er ikke lett å forstå, sier finansprofessor

Professor: – Jeg får en nagende følelse at man har bestemt seg for hva konklusjonen skal være, og så finner man opp nye ting

Sakspapira fra fylkesrådmannen er aleine neppe godt nok grunnlag for å vedta en så stor beslutning som Nordøyvegen, mener finansprofessor.


Eit par mistydingar må ryddast vekk først: Det eine går på at bygging av Nordøyvegen berre handlar om å gi fastlandssamband til innbyggarane på desse øyane. Slik er det ikkje. Nordøyvegen er avgjerande for å realisere nye Ålesund kommune, og ambisjonen er at prosjektet skal få positive verknader for heile fylket. Den andre mistydinga er at investeringa kan brukast på andre prosjekt, til dømes vidaregåande skular. Nordøyvegen blir hovudsakleg finansierast ved hjelp av ferjeavløysingsmidlar, bompengar, samt øyremerka tilskot frå kommunar og private – det vil seie midlar som ikkje kan brukast til andre formål. Møre og Romsdal slit med fallande folketal og fråflytting, og vil ha store økonomiske problem, uansett om Nordøyvegen blir bygd eller ikkje.

JohnJohn Bruseths nasjonalsang for Nordøyvegen

Her er JohnJohns nye musikkvideo.


Det viktige spørsmålet er om Nordøyvegen vil forsterke problema, eller om prosjektet kan bli ein del av løysinga. Vi har tru på at Nordøyvegen kan bidra til å sikre lønsame bedrifter, og utvikle regionen som felles bu- og arbeidsmarknad. Øyane har unike landskap, og sambandet opnar mulegheiter for nye arbeidsplassar, både innan reiseliv og rekreasjon. Dette kan bety ny vekst og nye inntekter. Å stanse arbeidet no, vil vere eit gedigent løftebrot. Det kan bli dyrt for fylkeskommunen å tette tunnelhola, fordi det også kan utløyse pessimisme, mindre tilflytting og null nye inntekter. Vi meiner det mest framtidsretta er å fullføre prosjektet.

Må legge ned garden om Nordøyvegen ikkje kjem

– Kjem ikkje Nordøyvegen, vil ikkje garden bli ført vidare til neste generasjon, seier Eivind Davik frå Fjørtoft.

Sunnmørsposten ønsker en åpen og saklig debatt. Alle innlegg blir kontrollert etter publisering. Vi forbeholder oss retten til å forkorte, redigere og fjerne innlegg.
Leder