Ikkje for å snevre inn rammene for ytringsfridomen, men for å vide dei ut.

Ytringsfridom betyr ikkje at vi ansvarsfritt kan ytre kva som helst. Når hets vert brukt for å skremme folk frå å delta i samfunnsdebatten, er det eit trugsmål mot ytringsfridomen. Når lokalpolitikarar som engasjerer seg for fellesskapen blir hetsa på helsa laus, er det eit demokratisk problem.

Vi står i eit valår der vi skal velje nye kommunestyre og fylkesting. Tusenvis stiller for å gjere ein innsats for fellesskapen. Svært mange av dei vil bli løna med netthets. Fire av ti lokalpolitikarar har opplevd trugsmål og hatefulle ytringar på nett, og kvar femte har vurdert å gi seg. Kvinner er mest utsette, og dei fleste hetsarane er godt vaksne menn.

Vågsøy-ordførar Kristin Maurstad fortalde i fjor si historie. I ei periode med strid om kommunesamanslåing og skulenedlegging vart hetsen så sterk at det gjekk ut over helsa. No har ho delteke i ei arbeidsgruppe i Arbeidarpartiet som til partiet sitt landsmøte la fram forslag til tiltak mot slik hets.

Blant det arbeidsgruppa foreslår er bruk av konfliktråd og forenkla førelegg. Det kan gjere vegen til straff kortare for fleire. I dag blir berre dei grovaste trugsmåla og hatytringane straffa.

Jussen kan åleine ikkje ordne opp. Det er også Maurstad klar på. Gråsonene er store og mange mellom det som er ei skarp ordveksling og det som er hets. Andre tiltak enn straff må til for å gi vern og støtte til dei som er offer for eit massivt trykk, men der den enkelte ytring er i desse gråsonene.

Vi kan heller ikkje innføre straff for dårleg folkeskikk. Men vi bør vurdere senka terskel for straff for dei som kryssar klare grenser, slik vi i trafikken har det om vi køyrer for fort. Dei hardaste straffereaksjonane sparer vi også her for dei som utgjer ein stor fare for andre eller har gjort stor skade.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!