Norge har ein unik flora av små og store redaktørstyrte medium som har gjort nordmenn til opplyste borgarar, og som har lagt grunnlag for eit effektivt demokratisk styresett. Dette har vore avgjerande for den økonomiske og sosiale utviklinga i Norge, noko som er lett for å ta for gitt. Vi veit ikkje kva vi har, før vi står i fare for å miste det. Samfunnet har behov for truverdig og kvalitetssikra informasjon, for journalistar som stiller krevjande spørsmål, som stiller makta til ansvar, som opnar dører og sørger for innsyn i offentleg forvaltning. Innleingskapittelet i mediemeldinga bør bli obligatorisk lesing for alle kommunale sjefar som meiner det ikkje er behov for lokal journalistikk.

Kulturminister Trine Skei Grande la fram meldinga «Mediepolitikk for ei ny tid» i slutten av mars i år. Sjølv om innleiingskapittelet var glitrande, var forslaga til tiltak svært mangelfulle. Etter at politikarane har lytta til innspel frå bransjen, har det kome justeringar som gir håp om reell vilje til å sikre mediemangfaldet.

Stortingsvedtaket forrige veke betyr at NRK skal finansierast over statsbudsjettet i staden for lisens, og at alle dei andre mediestøtteordningane skal administrerast av eit nytt mediestøtteråd. Det skal fastsettast fireårige styringssignal for både NRK og den direkte mediestøtten. Kulturministeren har varsla at det kjem eit eige lovforslag som skal avklare kva ansvar og myndigheit det nye mediestøtterådet skal få, og det arbeidet blir det viktig å følge med på. Mediestøtten må fordelast etter objektive kriterium i full openheit, slik at stor makt ikkje blir utøvd i lukka rom.

Regjeringa slår fast at aviser som blir redigert på nynorsk, ikkje skal kome dårlegare ut av den nye mediestøtteordninga. Det er viktig at denne presiseringa har kome med i vedtaket. Vi har to samfunnsberande skriftkulturar i Norge, nynorsk og bokmål, og den språklege rikdomen må takast vare på. Nynorsk blir ikkje berre brukt i dei minste lokalavisene, men også i riksdekkande- og regionale medium som kvar dag viser at nynorsk er eit mediespråk for heile landet.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!