Leiar:

«Strandsonevern under press»

Krympar: Byggeaktiviteten i 100-metersbeltet langs kysten minkar. Likevel er stadig mindre av strandsona tilgjengeleg.   Foto: Vegard Grøtt / NTB scanpix (Illustrasjonsfoto)

Privatpersonar sitt ynskje om å ha bustadtomt med betongplatting og bålpanne i fjøresteinane bør liggje langt nede i dispensasjonsbunken

Leder

I meir enn 60 år har det vore eit generelt forbod mot å bygge i strandsona.

På dei same 60 åra har arealet som er tilgjengeleg for folk flest, likevel krympa år for år.

Trass i strengare vern og ein gradvis nedgang i byggjeløyve i strandsona, held utviklinga fram.

Presset er størst i folketette område. I Oslo er no berre 30 prosent av dette arealet fritt tilgjengeleg og 70 prosent privatisert eller nedbygd. Totalt sett i Norge er tala motsett. Det er likevel feil å tru at nedbygging av strandsona berre er eit problem på svaberga langs Oslofjorden.


30 prosent av strandsonen i Indre Oslofjord tilgjengelig

Omkring 70 prosent av strandsonen langs kysten i Norge er tilgjengelig for opphold og ferdsel. I Oslo gjelder dette imidlertid bare 30 prosent.


Strandsona er under sterkt press langs store delar av kysten. Kvar gong miljø- og friluftsomsynet taper mot utbyggarinteresser, går ein ny bit av strandsona og naturmangfaldet tapt, kanskje for alltid. Tempoet i nedbygginga er no større i tynt busette strøk enn i Oslofjorden.

Kommunane i Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane er blant dei mest rause med dispensasjonar dei seinare tiåra. I fjor vart det her gitt dispensasjon frå strandsonevernet rundt 500 gongar ifølgje førebelse tal frå Statistisk sentralbyrå. For heile landet var talet 3.000.


Langøya i Ellingsøyfjorden:

Ingen bønn: Dette naustet må rives

Et naust på Langøya som ble bygd ulovlig for nesten førti år siden, må rives.


Kvar sjette dispensasjon er altså innvilga i desse to fylka. Også her er det i kommunar med stort folketal og lita kystsone presset er størst. I Ålesund har til dømes det tilgjengelege strandsone-arealet krympa med 10 prosent dei siste 20 åra, medan ein i Stranda nesten ikkje har gjort slike inngrep.

Sjølvsagt må næringsinteresser kunne gå føre strandsonevernet. Til dømes må ein i maritime regionar kunne leggje til rette for næringsverksemd som må ha tilgang til sjø. Det er lite nytte i ei kai som ligg langt oppe på land. Terskelen for dispensasjonar må likevel liggje høgt, og ein bør søkje å ikkje spreie slik aktivitet for mykje.


Vil bygge hytter ved strandsona på Runde

Arnulf Goksøyr har store planar for tomta han eig ved sidan av Christineborg Gjesthus.


Ein ser dessverre også ofte at dispensasjonar til heilt andre føremål stel av strandsona. Næringsverksemd som ikkje treng direkte tilgang til sjø, bør langt oftare visast til andre areal. Og privatpersonar sitt ynskje om å ha bustadtomt med betongplatting og bålpanne i fjøresteinane bør liggje langt nede i dispensasjonsbunken.

Sjølv om vi har mykje å gå på, må vi vakte oss for å arve problema frå dei store pressområda. Regjeringa sitt ynskje om å gi kommunane større rom for å gi dispensasjonar, lovar heller ikkje bra for strandsonevernet. Strandsone som er gått tapt, fornyar seg ikkje – heller ikkje her på Nordvestlandet.


Fritt fram å byggje i strandsona i Herøy

Ordføraren meiner bygging i strandsona er ønskjeleg og nødvendig. Sidan 2007 har 49 fått dispensasjon i Herøy.


Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!