«Kor vanskeleg kan det gjerast?»

Illustrasjon: Stad skipstunnel ved Kjøde.  Foto: Kystverket

Leder

No er det på tide at noko skjer. Vi treng ikkje fleire nye argument for Stad skipstunnel. Vi treng ikkje meir politisk godprat. No treng vi ei avgjerd. No må vi få byggjestart.

Dette er eit gryteklart prosjekt. Alle utgreiingar som bør gjerast, er gjort. Prosjektet har vore inne på fleire statsbudsjett både med omtale og pengar til utgreiing, og Stad skipstunnel har stått i Nasjonal transportplan sidan 2013 - då med planlagd byggjestart i 2018.


Ikke en krone til Stad skipstunnel

Regjeringen bevilger ikke penger til videre arbeid med Stad skipstunnel.


I staden for byggjestart kom nye utgreiingar. Den 21. utgreiinga kom i sommar. Der slo Kystverket fast at Stad skipstunnel kunne realiserast innanfor kostnadsramma som er sett i Nasjonal transportplan, og det kunne bli byggjestart i 2022 om det kom ei startløyving på neste års budsjett. Dei pengane kom ikkje.


Per Sævik om Stad skipstunnel:

Per Sævik om Stad skipstunnel: – Grensen nådd for politikernes troverdighet

- Vi er kommet til grensen når det gjelder politikernes troverdighet. Alle parti har ja til Stad skipstunnel i sine program uten at noe har skjedd, konstaterer Per Sævik.


Kor vanskeleg kan det vere? Eller rettare sagt: Kor vanskeleg kan det gjerast? Visst er det snakk om ei stor investering, og det er eit krevjande prosjekt. Det er ikkje dette prosjektet åleine om. Stad skipstunnel er heller ikkje åleine om å slite med å nå toppscore på reknestykke på rein samfunnsnytte.

Alle parti som i dag er representert på Stortinget har støtta prosjektet. Støtta har ikkje smuldra vekk med veksande faktagrunnlag. Det er altså korkje manglande samfunnsnytte, tekniske utfordringar eller anna som står i vegen for byggjestart.

Då står vi altså berre att med mangel på handlekraft.


Tunnel-veteran kjenner frustrasjon i heile kroppen

– Eg er frustrert så det held, no. Ja, eg trur eg må på fjellet for å få friskare luft, seier Jan Helgøy - tidlegare KrF-ordførar i Vanylven og skipstunnel-pådrivar i over 30 år.


Onsdag arrangerte styringsgruppa for Stad skipstunnel eit møte for 40 frammøtte i Oslo, blant dei aktørar i næringslivet og stortingspolitikarar frå kystfylka i nordvest. Herøy-reiar Per Sævik sa der at vi no er kome til grensa når det gjeld politikarane sitt truverd. Han har heilt rett.

Det er lenge sidan vi har kome forbi det punktet at ein kan forsvare ei ny utsetjing med at vi treng meir kunnskap. Verbal støtte til prosjektet utan å la handling følgje ord, gjer at tilliten til dei politiske lovnadane etter kvart blir tynnsliten. Det ansvaret må alle parti på Stortinget bere. Partia kan ikkje halde fram med å løfte denne saka høgt berre når andre har regjeringsmakt.

Sju millionar til oppstart neste år er ikkje problemet. Har partia på Stortinget så stor tru på prosjektet som dei seier, er det lett å finne desse millionane.