Vårt bilde av verda er påvirka av synsvinkelen vår. Difor er det svært uheldig at altfor mange premissleverandørar til sentrale politikarar har svært lik ståstad.

Når statsminister Erna Solberg (H) vil ha slutt på den sterke Oslo-dominansen i offentlege utval, bør det difor ikkje sablast ned som eit panisk forsøk på fiske i Senterpartiet sin veljardam. Dette er viktigare enn veljarfiske.

Ingen tener offentlege utgreiingar som har store manglar i perspektivet.

Heile norsk næringsliv er avhengig av at det er busetnad og verdiskaping i heile Norge. Distriktsnæringane ber store delar av verdiskapinga i storbyane på ryggen sin.

Utan sjøfolk, fiskarar, og verftsarbeidarar langs kysten og utan landbruk, kraftproduksjon og reiselivsnæring i bygdene ville det ha vore smått stell i finansnæringa, departementa, universiteta og mediebedriftene i dei store byane. By og bygd er avhengige av kvarandre.

Vi må difor utvikle by og land saman. For at vi skal få til det, må også det geografiske perspektivet vere mangfaldig.

Eksperten som til dagleg opplever kaos på Oslo S, vil verte prega av det i innspel til prioriteringar innan samferdsle. Bur han eller ho fem minutt frå næraste sjukehus, vil det påverke analysar av ambulanseflytenesta eller sjukehusstruktur.

Ansvaret for å få ei breiare samansetning av ekspertpanelet ligg på sentrale styresmakter, nasjonale organisasjonar og partane i arbeidslivet.

Statsministeren ber no i eit brev partane i arbeidslivet om å finne fram fleire kandidatar utanfor Oslo-gryta. Det gjer ho etter at Statsministeren sitt kontor har kartlagt korleis slike utval er samansette.

For dei fleste er resultata av denne kartlegginga inga stor overrasking. Det kan også vere gode forklaringar på kvifor det er slik. Oslo er eit tyngdepunkt for mange store organisasjonar, fagmiljø og akademia.

Trass dette er det naudsynt gjere tiltak for å motverke slik geografisk skeivfordeling. Difor er statsministeren sitt initiativ både rett og viktig.

Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum har likevel eit poeng når han seier at statsministeren er for puslete. Her er det neppe nok å be pent om breiare geografisk representasjon. Ho bør kome med tydelege krav. Det skal kraft til å bryte tette nettverk.