Skal vi få fleire til å reise kollektivt, burde tilbodet helst bli både betre og billegare. Når busstilbodet i fylket tvert om blir kutta, kan det gi eit alvorleg tilbakeslag for målet om nullvekst i biltrafikken.

Kuttet i rutetilbodet kjem som følgje av budsjettkutta som vart vedtekne i fylkestinget i Møre og Romsdal før jul. Mest støy var det då rundt den kraftige takstauken og rutekutt i ferjetilbodet. No kjem også kutta i busstilbodet.

I Ålesund, Sula og Giske skal rutetilbodet kuttast med nær seks prosent.

Kutt rimar dårleg med fylkeskommunen sin ambisjon om at Ålesund skal vere ein regional motor. Skal ein motor trekke noko lass, så må den også ha drivstoff. Eit godt kollektivtilbod er viktig for at Ålesund og omland skal vere ein attraktiv bo- og arbeidsmarknad.

Rutekutt er også dårleg nytt for målet om å ta all framtidig trafikkvekst på kollektivtransport, sykkel og gange. Dette er eitt av grunnlaga for bypakken i Ålesund, og talet på bilreiser skal ned.

Fylkeskommunen og kommunen står saman om dette, bypakken vart vedteken i bystyret og fylkestinget så seint som i fjor sommar. No barberer altså fylkeskommunen ved eitt av dei viktige virkemidla i pakken.

Rutekutta som er varsla vil først og fremst gå ut over ruter som allereie har dårleg belegg. Ruter i helgar og på kveldstid blir mest råka. Tilbodet blir i stor grad oppretthalde i dei mest trafikkerte områda og tidene av døgnet.

Likevel er dette ei utvikling i feil retning. Det hjelp ikkje at Ålesund allereie har det beste kollektivtilbodet i fylket når det heller ikkje i dag er godt nok, slik rådmann Astrid Eidsvik i Ålesund seier.

Kollektivtransporten må spele ei meir aktiv rolle i transport- og miljøpolitikken i byområda i Norge. Særleg viktig er det i byområde med vekst, slik som i Ålesund. Den utviklinga kan vi ikkje møte med å fortette biltrafikken.

I kombinasjon med restriksjonar på privatbilisme er auka kollektivsatsing eit av dei mest effektive klima- og miljøtiltaka for norske byområde. Men ein må seie både A og B.

Berre restriktive tiltak, slik som bompengar og færre parkeringsplassar på gateplan, framstår som langt meir urimeleg utan eit betre kollektivtilbod. Då kan ein altså ikkje svekke kollektivtilbodet.

Når ein kuttar i det som alt er for dårleg, kjem ein i alle fall ikkje ut i pluss.