Sunnmørsposten meiner:

«Ny sjanse til lys framtid»

Nytt håp: Kleven verft på Dimna i Ulstein er sikra vidare drift med nye eigarar etter konkursen. Det er viktig for ein heil region at dei lukkast i å skape varig lønsame arbeidsplassar.  Foto: Staale Wattø

Kleven har vore ei viktig bedrift i denne næringa lokalt og nasjonalt i rundt åtte tiår. No har dette verdifulle kompetansemiljøet fått ein ny sjanse.

Leder

Berre litt over ei veke Kleven-konkursen er store delar av arbeidsstokken på rundt 440 personar sikra vidare arbeid. Dette er ei gledeleg nyheit for fleire enn dei som no får jobben tilbake.

Utan ei rask løysing kunne dei negative konsekvensane ha vorte store for heile den maritime klynga på Nordvestlandet.

Utfordringane er ikkje over, men Kleven får no sjansen til ein ny start og ein ny kurs. Det er svært gledeleg nytt.


Kleven skal no også resirkulere skip

Kleven vert no kontrollert av ein trio frå Agder, som vil satse breidt på verftet. Det inkluderer å hogge opp skip.


Kleven har slite i tung sjø i fleire år med dårleg lønsemd, oppsplitting og fleire eigarskifte på knapt tre år. Det siste eigarskiftet vart både kortvarig og kaotisk.

Kroatiske Div Group tok over då Hurtigruten selde seg ut tidlegare i år, men kom raskt på kant med både delar av dei tilsette, underleverandørar og bankar. Tillitssvikten vart total, og til slutt sa banken stopp.


Alt om dei dramatiske juli-dagane på Kleven Verft:

Var nær ved å gi opp - i dag vart han applaudert ut

Måndag såg det så heilsvart ut at det nesten vart kalla inn til allmøte om at håpet var ute. Under eitt døgn seinare fekk bustyraren applaus frå dei tilsette.


Styret måtte difor gå til skifteretten fredag for halvanna veke sidan.

Ei veke etter konkursen var det klart at Langset-gruppen med hovudkontor i Molde overtok Kleven Marine Contracting, eit selskap med vel halvparten av dei tilsette. Seint mandag kveld var den neste brikka på plass.

Green Yard Group med hovudkontor i Kvinesdal i Agder tar over Kleven Verft.


Dette skjedde med dei tre Kleven-selskapa
  • Det var tre bu etter konkursen 3. juli.
  • Molde-baserte Langset AS kjøpte bemanninngsselskapet Kleven Maritime Contracting AS (KMC) fredag 10. juli
  • Det Agder-baserte Green Yard-konsernet kjøpt Kleven Verft AS natt til 14. juli
  • Når det gjeld det tredje selskapet, Kleven Maritime Technology AS, opplysar bustyrar Bjørn Åge Hamre at nokre av dei tilsette har kjøpt dette

Kleven er altså på nytt splitta opp, men det viktigaste no at dei fleste av arbeidsplassane er berga.

Kleven har med dette fått eigarar som kjenner spelereglane i norsk nærings- og arbeidsliv. Ingen av dei nye eigarane er tungt inne i skipsbygging, men dei har godt fotfeste i maritimt næringsliv, og kan gi Kleven fleire bein å stå på.

I ei tid der det er overkapasitet på nybyggingsverft, kan det vere av stor verdi.

Omstilling tar tid og kostar tid, pengar og hardt arbeid. Fleire av dei største norske verfta har framleis store utfordringar, og slit med å skape lønsemd.


Lørdagskommentar

«Den maritime klynga i alvorlig trøbbel»

Uten levedyktige verft er det over og ut for den maritime klynga på Sunnmøre. Den nasjonalt kjente næringsklynga er i alvorlig trøbbel etter konkursen i Kleven.


Norsk maritimt næringsliv er på veg opp av bølgedalen etter oljekrisa. Talet på sysselsette aukar, og optimismen er tilbake i dei fleste segment. Det er gledeleg for ein maritim region som Nordvestlandet, men også for Norge.

Langs kysten vår har vi verdsleiande bedrifter i ein av dei mest komplette maritime klyngene globalt. Maritimt næringsliv er ei av dei viktigaste næringane våre i dag, og det er avgjerande for oss alle at den held på utviklingskrafta og tryggar verdiskapinga framover.


Næring i omstilling og krise:

Den maritime klyngen – ut eller opp?

«Den maritime klyngen må tenke fundamentalt nytt ellers vil den erodere», skriver Jan Emblemsvåg i denne kronikken.


Kleven har vore ei viktig bedrift i denne næringa lokalt og nasjonalt i rundt åtte tiår. No har dette verdifulle kompetansemiljøet fått ein ny sjanse. Det betyr mykje for heile regionen at dei lukkast.