Sylvi Listhaug får ei formidabel oppgåve som ny leiar for Framstegspartiet. Partiet er nede i den djupaste dumpa på målingane på mange år. På same tid er det sterkt splitta.

Nettopp det å samle partiet igjen vil vere nøkkelen til å løfte det.

Så er det store spørsmålet om Listhaug er den leiaren som kan få til det, eller om ho er ein av dei som bidrar til å splitte det. Ho er sjølv tydeleg på at det blir krevjande, og legg ein langsiktig plan.

Eitt av Siv Jensen sine store prosjekt har vore å løfte Frp inn i regjering etter 40 år i opposisjon. Dit løfta ho også Sylvi Listhaug til heile fem statsrådspostar.

Plassen i regjering ga partiet politiske gjennomslag, men også kraftig slitasje. Mange veljarar forlot Frp-skuta og mønstra på hos Senterpartiet. Også internt var det mange som sleit med både å svelgje og forsvare dei mange kompromissa dei var nøydde til å ta.

Men heller ikkje regjerings-exiten i fjor klarte å bøte på den slitasjen. Både internt bråk og veljarflukt heldt fram.

Sylvi Listhaug korkje er eller har nokon quick-fix på dette.

Målet hennar er å løfte partiet så høgt som råd fram til valet i haust, men rettar alt no siktet mot valet i 2025. Ein måte å tolke det på er at ho ser at jobben må ta tid. I pressekonferansen fredag sa ho sjølv at dette blir ei krevjande reise.

I bagasjen har ho pakka velkjende Frp-saker i bagasjen: Eldrepolitikk, nei til bompengar, satsing på olje, skepsis til klimagrep, tøffare kamp mot kriminelle og ein strengare innvandrings- og integreringspolitikk.

Med dette skal veljarane kjenne att partiet og slik skal partiet kjenne att seg sjølv. Slik vil ho bygge og samle organisasjonen.

For Sylvi Listhaug blir utfordringa at ho er ein leiarfigur for ei fløy av partiet. Det var ein posisjon ho vaks inn i etter at ho vart statsråd, og særleg etter at ho vart innvandrings- og integreringsminister i flyktningekriseåret 2015.

At ho har snakka med «utestemme» har skaffa henne både tilhengjarar og fiendar – også i partiet.

Ved landsmøtet andre helga i mai vil ikkje denne delinga av partiet bety noko for hennar posisjon. Dei i partiet som til no har reagert, er marginale tillitsvalde utan alternative kandidatar.

I det lange løp, fram mot 2025, er likevel ikkje dette nok. Om ho ikkje tar sikte på å flytte heile partiet eitt hakk til høgre, må ho vise at ho er flinkare til å samle enn til å splitte.

Listhaug må vise at ho kan vere leiar for eit heilt eit parti, ikkje berre ei fløy.