Brannen i Oppljostunnelen på Strynefjellet er ei dramatisk påminning på at det er eit akutt behovet for å oppgradere denne vegen. Altfor lenge har dette viktige sambandet mellom aust og vest vore forsømd.

Dagens standard er direkte uforsvarleg.

Dei smale, mørke og utdaterte tunnelane og rasutsette delar av vegen gjer ikkje dette berre til ein flaskehals, men også til ei trafikkfarleg strekning for trafikantane. Denne gongen kunne liv gått tapt.

Riksveg 15 over Strynefjellet er eitt av dei viktigaste sambanda mellom Nordvestlandet og Austlandet. Då dagens veg vart opna for litt over 40 år sidan, var den eit stort framsteg for regionen.

Etter det har utviklinga stått stille.

Å køyre denne strekninga i dag er som å gå 43 år tilbake i tida. Kvart femte køyretøy på strekninga er tungtransport. Nær 11 kilometer av strekninga er smale, mørke tunnelar der slike køyretøy knapt kan passere kvarandre.

Den tekniske tilstanden på tunnelane er så dårleg at ein allereie for over ti år sidan vurderte stenging.

I tillegg kjem ras og rasfare vinterstid.

Men dette handlar altså ikkje berre om å fjerne ein flaskehals. Dette handlar i høgste grad også om tryggleiken til dei som skal ferdast på vegen. Dagen før den dramatiske bilbrannen i Oppljostunnelen, var Ospelitunnelen stengd fordi det hadde rast stein ned i vegbanen.

I vår feira vegforkjemparar på begge sider av fjellet etter at stortingsfleirtalet fekk vegprosjektet inn i Nasjonal Transportplan. I tillegg til ei oppgradering av vegen over fjellet frå Stryn, omfattar dette prosjektet også ein sidearm til Geiranger.

Sett i høve til kva ein her har kjempa for i mange år, var det all grunn til å feire.

Strynefjellsvegen har altfor lenge kome i skuggen av meir prestisjetunge prosjekt i meir folkerike delar av både landet og regionen. Alle som følgjer kampen om samferdslekronene godt, veit likevel at sigeren i Stortinget berre er ein etappesiger.

Framleis er det langt fram til målpassering. Den endelege sigeren kan ein ikkje vere trygg på før vegen har fått plass i statsbudsjettet.

At den berre fekk plass i NTP med eit naudskrik, syner kor utsett prosjektet er.

Kampen for trygg og stabilt vinteropen veg er difor langt frå slutt. Her må heile regionen stå samla. Direkte og indirekte vil heile området ha nytte av dette.

Så handlar det også om å trygge liv. Plikta til å ta den kampen bør alle kjenne på.