Meir asfalt og fleire ferjeavgangar og nei til å auke ferjetakstane. Dette er fleirtalspartia si motgift mot administrasjonen sine kuttforslag for Møre og Romsdal fylkeskommune.

Så ber dei i staden fylkeskommunedirektøren dra ostehøvelen for å få økonomien på fote, ein ostehøvel som fylkeskommunedirektøren sjølv har sagt er utgått på dato.

Kva prosjekt som skal kuttast, vil ikkje politikarane peike på.

Møre og Romsdal fylkeskommune er i ei heilt eiga klasse blant norske fylke. Dessverre er ikkje det eliteklassen. Møre og Romsdal har høgre gjeld enn alle andre, den svakaste økonomiske bufferen og det tredje dårlegaste driftsresultatet.

Dette gjer at fylket blir ekstra hardt råka av renteauken, og har hatt minst å gå på i møte med stigande rente og skyhøg inflasjon.

Utan ei kraftig kursendring vil det gå mot økonomisk havari. Jo meir tid som blir brukt på å justere kursen, jo større er faren.

Fylkeskommunedirektøren foreslo mellom anna å utsetje investeringar, heve ferjetakstane med ei takstsone og sjøsette nok eit omstillingsprosjekt for å få skuta inn i tryggare farvatn.

Og ho gav klar beskjed om at det må tydelege prioriteringar til. Ikkje kutt med ostehøvel. Høgre, Frp, Venstre og KrF seier tvert nei til å spare på ferjene. I tillegg legg dei inn 50 millionar ekstra til asfalt.

Og så ber fylkeskommunedirektøren å finne inndekkinga for dette.

Kutt på 2,7 prosent på alle område skal gi 135 millionar i effekt neste år. Gruppeleiar i Framstegspartiet seier at det kan bety inntil 100 færre årsverk. Så tar dei fire partia endå hardare i enn fylkeskommunedirektøren å utsetje investeringar, men utan å seie kva for nokre.

Her vil dei ha redusert låneopptak på 350 millionar kroner neste år. Det vil gi litt over 20 millionar i sparte finanskostnadar.

Det kan mellom anna bety mindre til vedlikehald og oppgradering av bruer i forfall.

Dagens økonomiske trøbbel skuldast politikarar som har sopa kistebotnen for reservar og stått i kø ved banken for å ta opp lån. Det har dei gjort for å finansiere nye skulebygg, byggje nye ferjekaier og samband som Nordøyvegen. Og fylket brukar rundt 260 millionar meir på ferjer enn det staten betalar for.

Alt dette har det stort sett vore tverrpolitisk semje om.

Det er når det skal kuttast og sparast den tverrpolitiske semja smuldrar opp. Då er det lettare å bruke ostehøvelen, og leggje den i handa på ein anonym administrasjon som ikkje skal stille til val.

Det er enklare det enn sjølv å prioritere hardt.