Fylkeskommunedirektør Toril Hovdenak viser i framlegget til budsjett at Møre og Romsdal igjen er i ein dramatisk økonomisk situasjon. Me har landets høgaste lånegjeld per innbyggjar, og difor blir det varsla nok ei runde med innsparingstiltak. Kva råd vil Utdanningsforbundet gje dei folkevalde i ein slik situasjon? Jau, bruk meir pengar på utdanningssektoren! Berre slik kan me snu den negative utviklinga!

Varsellampene blinkar ikkje berre grunna økonomien. Endå dystrare blir bildet når ein ser Statistisk sentralbyrå sine framskrivingar om befolkningsutviklinga i fylket: Ti år fram i tid vil folketalet i alle aldersgrupper under 66 år vere lågare enn i dag.

Spørsmålet er: Korleis skal me snu denne trenden? Korleis skal Møre og Romsdal bli eit meir attraktivt fylke å busetje seg i for dagens 16-åringar etter ferdig utdanning? Kva skal til for å lokke småbarnsforeldre og «gode skattebetalarar» tilbake til heimfylket?

Først og fremst trengst det eit trygt og framtidsretta tilbod gjennom heile opplæringsløpet, frå barnehage til vidaregåande, både i byane og i distriktet. Og på eitt område skal fylkespolitikarane ha ros: Dei har forplikta seg til å ikkje legge ned nokon vidaregåande skular.

Politikarane skal likevel vakte seg vel for å gjennomføre innsparingstiltak ved å svekke rammevilkåra for å drive god undervisning i desse skulane. For sjølve kvaliteten på opplæringa er nemleg vel så viktig som talet på skular. Då må det tilsetjast nok lærarar, slik at det er mogleg å tilby alle elevane ein god og fagleg relevant skulekvardag.

Som lærar og hovudtillitsvalt blir eg bekymra når eg les i økonomiplanen for 2024–27 om føreslåtte kutt både i drift og investering i kompetanse- og næringsområdet. Og det forundrar meg at det i same periode skal vere eit definert mål å «auke gjennomføringa i vidaregåande opplæring». Heng det verkeleg på greip at lærarane skal få tøffare arbeidsvilkår – og på same tid få ei klar bestilling om endå betre resultat?

Forutan budsjett skal fylkespolitikarane før jul også vedta ein «kompetansestrategi». I denne blir det skissert eit bilde av utfordringar og løysingsforslag knytt til framtida for arbeidsmarknaden og næringslivet i regionen. Her er administrasjonen klar i sin tale: fylkeskommunen må legge til rette for attraktive utdanningsløp, tilpassa behova i næringslivet.

Men kvaliteten på eitkvart utdanningsløp står og fell på om dei blir utøve av engasjerte og kompetente lærarar. Vil fylkeskommunen så vere ein attraktiv arbeidsgjevar for noverande og framtidige lærarar?

Vel, då bør ikkje innsparingar prege skulekvardagen. Tvert om må det vere ein klar samanheng mellom høge ambisjonar og ei økonomisk vilje til å satse på opplæringssektoren her i fylket!