«Pasienter og pårørende skal oppleve forutsigbarhet og trygghet». Dette står øvst på lista for Pasientreiser sine fem overordna mål for å gjere tenesta betre.

Og dei skal levere «ei enkel pasientreise».

Kronisk sjuke Svein Johan Hansen frå Rovde i Vanylven har ei heilt anna oppleving. Reisetida frå Volda sjukehus til Rovde er normalt under ein time. Med pasientdrosje kan den ta sju. Han føler det er nedverdigande og i strid med lova sitt krav om forsvarlege og likeverdige helsetenester.

Pasientreiser HF vart etablert i 2009, og er eigd av dei fire regionale helseføretaka i fellesskap. Årleg blir det utført nær 3 millionar turar med drosje i deira regi. Totalkostnaden er på nær 1,5 milliard kroner.

Dei aller fleste av desse transportane går heldigvis – og sjølvsagt, utan store problem.

Men altså ikkje alle.

Historier om lange ventetider og pasientar som har blitt sett av på feil stad i meir eller mindre hjelpelaus tilstand, har i periodar florert i media. Då gjerne i samband med at nye drivarar har vunne anbod og tatt over transporten.

Kaotiske tilstandar gjorde mellom anna at Helse Midt-Norge sparka Norgestaxi frå pasienttransporten i delar av Møre og Romsdal i fjor.

Kapasitetsproblem hos drosjenæringa har vore ein grunn til problema.

I kombinasjon med spreidd busetnad og lange reisevegar rammar dette særleg distrikta. Når ein først må vente på drosje, så på at den skal fyllast heilt opp og så bli med på lange omvegar for at den skal tømmast, kan både ventetid og reisetid bli lang.

Om pasienten skal få særleg tilrettelagt transport på medisinsk grunnlag kan berre lege eller sjukehus avgjere.

Problemet er at dei på førehand ikkje veit korleis Pasientreiser kjem til å organisere transporten for den enkelte. Utan beskjed frå lege skal Pasientreiser berre leggje vekt på økonomi og trafikale omsyn.

Slik er reglane, og pasientar ramlar mellom to stolar.

I dømet Sunnmørsposten fortel om i saka om Svein Johan Hansen, fører dette altså til ei sjudobling av normal reisetid. For folk som allereie slit med alvorlege helseplager, er slik «pakketransport» ei uakseptabel ekstrabelastning.

I haust skal regjeringa sende framlegg til endringar i pasientreise-forskrifta ut på høyring. Framlegget byggjer på ein rapport Helsedirektoratet har utarbeidd.

Om helseminister Ingvild Kjerkol (Ap) ikkje allereie har kome på ideen om å sikre reglar som hindrar at pasientar med alvorlege helseplager blir sende som pakkepost rundt på dagsreiser, er denne ideen heilt gratis:

Slik behandling av folk må det bli slutt på.