Helse Møre og Romsdal har sendt ut melding om at det høge talet for beltebruk i fylket først og fremst skuldast feilkjelder i registreringa. Pasienten kan ha vore ute av belte utan at dette er blitt ført inn i dei handskrivne protokollane. Dersom det skulle vise seg at det høge talet skuldast feilrapportering kan det forklare kvifor Møre og Romsdal skil seg så kraftig ut i forhold til resten av landet. Men situasjonen er like fullt alvorleg. Mangelfull rapportering set rettstryggleiken til pasientane i fare. Når det ikkje blir dokumentert nøyaktig kva pasienten er blitt utsett for, aukar risikoen for maktmisbruk.

Her finner du flere av Sunnmørspostens ledere!

Styreleiar i Helse Møre og Romsdal, Stein Kinserdal, har bede sjukehusdirektøren forklare seg på neste styremøte om beltebruken. Her er det behov for full gransking og opprydding, både når det gjeld bruken av tvangstiltak og rutinane for rapportering.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!