Dei fleste som vert radikaliserte til valdeleg ekstremisme står utanfor arbeidslivet, dei har hatt ein vanskeleg oppvekst, klart seg dårleg på skulen, og har sjølv blitt utsett for valdelege handlingar. Dette er nokre av funna til Ekstremismekommisjonen, som mellom anna har analysert 20 enkeltsaker der personar er blitt dømt for valdeleg ekstremisme.

Fredag la kommisjonen fram sin rapport som inneheldt ei lang rekke tiltak for å styrke Norges evne til å førebyggje ekstremisme. Det blir mellom anna foreslått å opprette eit nasjonalt senter som skal samordne innsatsen. Kommunane får ei viktig rolle i det førebyggande arbeidet.

Ekstrem islamisme og høgreekstremisme utgjer dei største terrortruslane mot Norge, ifølgje PST. Det er vurdert som svært lite sannsynleg at venstreekstremistar eller ekstremistar motivert av klima-, miljø- og naturvernsaker vil forsøke å gjennomføre terrorhandlingar i Norge i 2024. PST si vurdering er likevel at klima-, miljø- og naturvernsaker har eit potensial til å radikalisere. Radikalisering betyr at ein person i aukande grad godtek bruk av vald og ikkje-demokratiske metodar for å nå sine politiske, ideologiske eller religiøse mål.

Demokrati, menneskerettar og akademisk fridom er under press i mange land. Autoritære krefter vinn fram. Nettopp derfor er det viktig at folk forstår verdien av å leve i eit demokrati. Det er ikkje noko vi kan ta for gitt. Det er behov for å utvikle demokratisk motstandskraft mot ekstremisme, og då må alle kjenne til verdigrunnlaget vårt.

Det grunnleggande er menneskesynet. Det slår fast at alle menneske har ein ukrenkeleg verdi, uavhengig av kjønn, alder, legning, rase, religion, politiske oppfatningar eller nasjonalitet. Menneskerettar som ytringsfridom og organisasjonsfridom må respekterast.

Ekstremisme kan ikkje bekjempast av det offentlege åleine, men vil krevje noko både av organisasjonar, arbeidsliv, skular og den enkelte av oss. Det kan handle om alt frå å sikre gode oppvekstvilkår, til å legge forholda til rette for inkluderande debattar og dialogar.

Ytringsfridom er avgjerande for at ulike grupper i samfunnet skal få kome til orde. Usemje kan faktisk vere både positivt og utviklande. Å fremje openheit og respekt for ulike perspektiv er avgjerande i eit demokrati. Føresetnaden er sjølvsagt at folk argumenterer med ord, aldri med vald eller truslar.

No blir rapporten frå Ekstremismekommisjonen sendt ut på høyring. Den bør danne grunnlag for gode og meiningsfulle debattar i alle slags fora. Lokalsamfunn kan spele ei avgjerande rolle i å førebyggje utanforskap, og bidra til å styrke opplevinga av å høyre til i eit fellesskap.

Det kan handle om alt frå å sikre gode oppvekstvilkår, til å legge forholda til rette for inkluderande debattar og dialogar