Regjeringa er i ferd med å få vind på mølla også til havs. Utlysinga av dei to aller første havvind-områda på norsk sokkel er eit viktig steg i det grøne skiftet.

Utan at vi klarer å auke produksjonen av fornybar kraft raskt, vil vi både bomme på klimamåla og få kraftmangel.

Billeg kraft blir det likevel ikkje. Satsinga er heilt avhengig av statleg støtte for å gå i pluss med dei kraftprisane som er i den norske marknaden.

Motvilje mot å knyte desse felta også til ein betre betalande marknad i Europa, gjer satsinga samfunnsøkonomisk ulønsam. Det slår NVE fast i ein ny rapport som vart lagt fram denne veka.

Ein såkalla hybridkabel, ei løysing som også knyter anlegga til utlandet, ville kunne gjort den samfunnsøkonomisk lønsam.

Senterpartiet har blokkert for ei slik løysing for desse utbyggingane, fordi dei fryktar at ein slik kabel vil kunne auke kraftprisen i Norge. Statsstøtte er difor avgjerande for å få realisert utbygginga.

Eitt av dei to felta som er utlyst no, Sørlege Nordsjø, skal byggjast ut med botnfaste møller. Dette er moden og utprøvd teknologi. På det andre feltet, Utsira Nord, gjer havdjupet at det må byggjast ut med flytande møller.

Flytande havvind er meir kostbart, og er heilt avhengig av eit sugerør djupt ned i statskassa for å klare seg.

Trass dette er det rett å satse på begge.

Teknologien er i rask utvikling. Også flytande havvind kan vere profitabel når denne teknologien er meir utvikla og industrialisert. Norsk maritim industri og oljeindustrien bør også ha eit godt forsprang på andre i konkurransen om å utvikle denne næringa.

Erfaring og kompetanse frå offshore oljeutvinning er eit springbrett for desse næringane inn i havvind-eventyret. Norske firma er allereie sterkt involvert både på flåtesida og i produksjon av havvind i andre land, særleg i Nordsjøbassenget.

Men marknaden er global.

Ein solid heimemarknad er likevel avgjerande for å behalde forspranget også globalt. Norge kan bli ein leiande havvindnasjon – og forblir ein leiande energinasjon.

Vi er allereie seint ute frå startgropa. Land som Danmark og Skottland er allereie på veg ut av første sving. Til og med eit land som Sverige har kome lengre med sine havvind-planar.

Men vi har ikkje tapt løpet.

Dersom regjeringa hevar ambisjonsnivået, får opp tempoet og klargjer fleire område raskt, kan vi skape nye arbeidsplassar som erstattar dei som ramlar ut av petroleumsnæringa. Innan ti år kan også satsinga gi oss nødvendig rimeleg kraft.

Og gjere at vi når våre klimamål.