Norske reiarlag er godt på veg opp av bølgjedalen, og er klare for å byggje fleire nye skip enn på lang tid. Det er godt nytt for norske verft og for den maritime klyngja på Nordvestlandet.

Dette høvet må næringa ta godt vare på for å sikre posisjonen som verdsleiande i det grøne skiftet til sjøs.

I dette kappløpet må politikken stå på næringa si side.

Norske reiarlag har planar om å byggje over 200 nye skip dei neste fem åra i følgje Norges Rederiforbund sitt årlege konjunkturbarometer. Dette er det høgste talet sidan forbundet starta med slike registreringar i 2018.

Det året var delar av næringa framleis nede i ein djup bølgjedal etter oljesmellen i 2014, ein smell som ramma den petroleumsavhengige delen av næringa hardt. Offshorereiarlaga på Nordvestlandet som hadde vore med på kontraheringsboomen i åra før dette, hamna i djup krise.

Dette smitta over på resten av den maritime klyngja. Verfta fekk ros for å vere raske til å omstille seg til nye marknadar, men dessverre var ikkje dette like god butikk for alle.

Tala på botnlina var blodraude for fleire av desse.

Reiarane sine kontraheringsplanar gir håp om betre tider, sidan ein stor del av fartøya som ligg på teiknebrettet er offshore service fartøy, både til oljesektoren og til havvind. Dette er skipstypar som den maritime næringa i nordvest har særleg kompetanse på.

Det gir næringa eit konkurransefortrinn i kampen om kontraktane, men også håp om betre lønsemd.

Særleg for dei større verfta og utstyrsleverandørande er det avgjerande for framtidig konkurranse- og utviklingskraft etter nedturen etter oljesmellen.

Norsk næringsliv har store moglegheiter for å vere leiande i den omstillinga som internasjonal skipsfart og energisektor må gjennom no. Norge er ein leiande havnasjon, og vi har kompetanse og erfaring som gjer at vi kan ligge i front på dei nye, klimavennlege løysingane som er etterspurde.

Men vi er ikkje åleine. Forspranget næringa vann gjennom å utnytte unike, naturgitte konkurransefortrinn både i fiskeri og oljeutvinning til havs, er ikkje vunne ein gong for alle.

For næringa er dette ein kamp kvar dag, og den treng støttespelarar.

Det må vere politisk vilje til å leggje til rette for at næringa kan gripe denne mogelegheita med begge hender, og skape framtidas arbeidsplassar for havnasjonen Norge.

Næringa ber ikkje om subsidiar, men om føreseielege rammevilkår og finansieringsordningar som er på høgd med dei viktigaste internasjonale konkurrentane.