Politiet oppfyller dei nasjonale krava for utrykkingstid for tredje året på rad. Det betyr ikkje at politi på utrykking kjem fram i tide på alle oppdrag.

Heller ikkje at politiet ikkje har meir å gå på.

Det er likevel vanskeleg å forstå spådommar og påstandar om politifiasko frå då politireforma vart innført. Ein av dei som kalla det ein fiasko, er i dag justisminister.

Rask responstid er avgjerande ved hasteoppdrag, for publikum sin tryggleik og tilliten til politiet. Responstid er tida det tar frå politiet mottar melding til første politieining er på staden.

Når liv og helse er i fare, utsett for vald eller ved andre alvorlege brotsverk, er det viktig at politiet kjem fort. Slik har det sjølvsagt alltid vore, men først frå 2016 vart det innført nasjonale krav.

Dette kom i samband med Politireforma, mellom anna som eit resultat av debatten etter Utøya-terroren 22. juli 2011. I 22. juli-kommisjonen sin rapport vart det peika på manglande konkrete tiltak eller mål for responstid.

Politiet sleit med å oppfylle krava. I åra etter at dei vart innført, auka responstida. Dåverande medlem i justiskomiteen på Stortinget, Emilie Enger Mehl (Sp) sa då at dette var nok eit bevis på at politireforma var ein fiasko. Det var i 2019.

Året etter nådde Politiet alle dei nasjonale krava. Det gjorde dei også i 2021 og no i 2022.

I eitt av desse åra har Mehl sjølv vore justisminister, og hatt som mål å reversere delar av politireforma.

Sjølvsagt betyr ikkje tala for responstid at politiet ikkje må strekkje seg lengre. For det første er det fleire politidistrikt som enno ikkje når alle mål. For det andre, betyr slike gjennomsnittstal lite for den som ikkje får hjelp når den verkeleg trengst.

Det skjer. I nokre tilfelle kan det ha tragiske konsekvensar.

Politiet blir også berre målt på om dei held krava i 80 prosent av tilfella, og kravet varierer mellom tettbygde og grisgrendte strok. Det er også ulike krav og måltal i ulike politidistrikt.

Møre og Romsdal politidistrikt er eitt av fem distrikt kan krysse av for godkjent for alle krav, eitt av tre som også når måltalet for halvparten av utrykkingane og det einaste som ligg under dei nasjonale krava på alle mål.

Dei fleste politidistrikt har altså ting dei må bli betre på når det gjeld responstid. Eit distrikt som Møre og Romsdal må også ha som mål å bli endå betre, og kome raskare ut på fleire akuttoppdrag.

Å kalle det politiet har oppnådd her, kan likevel vanskeleg kallast ein fiasko.