Hestehandlarar har eit ufortent dårleg rykte. Å handle hest kan vere både heiderleg og naudsynt for å få ting gjort. Dette gjeld like mykje i politikken som på Dyrsku’n i Seljord.

Vanleg er det også, særleg i lokalpolitikken.

Her blir det handla politikk og posisjonar over ein lav sko – på tvers av både partigrenser og blokker. Det handlar sjeldan om å svike veljarane, men meir om å tene lokalsamfunnet på beste vis.

Etter at valresultata vart klare mandag kveld, starta forhandlingane mellom parti og partigrupper. Nokre landa sine avtalar i løpet av natta, andre kjem til å halde fram i fleire dagar – kanskje veker.

Dei raske har enten klare tal på si side eller så har dei gjort eit godt førearbeid.

Dei som slit sit gjerne med ein kortstokk der kabalen er «umogeleg» å få til å gå opp.

Mange kjem til å reagere når dei ser resultata i enkelte kommunar. Har ein røysta på raud-grønt, er frustrasjonen til å forstå om partiet peikar på knallblå ordførar. Sameleis om det er omvendt.

Men faktum er at slike koplingar ikkje er uvanlege.

I dei 26 kommunene vi har hatt i fylket dei siste fire åra, er det 18 ordførarar frå Senterpartiet og Arbeidarpartiet. I sju av desse har dei fått ordføraren etter samarbeid med Høgre og/ eller Framstegspartiet.

Nesten alle dei borgarlege ordførarane har kome til makt gjennom samarbeid motsett veg.

Typen av samarbeid varierer. Det er sjølvsagt lettare å kome til semje om ei politisk plattform mellom parti som ligg nær kvarandre. Eit slikt samarbeid gir den mest føreseielege kursen for politikken og det mest forståelege resultatet for veljaren.

Om ikkje det går, kan parti ha valteknisk samarbeid på tvers av blokkene.

Då fordeler ein posisjonar, kven som skal vere ordførar, varaordførar og leiarar i hovudutval. Slike posisjonar handlar ikkje berre om å sikre seg gode politiske bein. Posisjonane gir også politisk makt.

Sjølvsagt er ikkje all hestehandel av det gode. Samarbeid på tvers av veljarane sitt tydelege signal, kan representere eit demokratisk problem. Har veljarane sagt klart frå at dei vil ha eit politisk skifte i sin kommune, kan det svekkje tilliten til lokaldemokratiet om dei andre partia likevel spenner føre ein gammal gamp.

Eit alternativ utan hestehandlar kan likevel vere verre.

Risikoen då er at ingen står klar til å dra lasset. I det norske fleirpartisystemet er vi avhengig av at parti kan samarbeide, og finne løysingar på tvers. Særleg i kommune- og fylkespolitikken er det naudsynt – og ein styrke.

Hestar kan vere allrighte dyr dei også.