Over 80 prosent av barna i Norge går i barnehage frå dei er eitt år gamle, og dei fleste er der rundt åtte timar om dagen, fem dagar i veka. Det er i dei første leveåra at grunnlaget blir lagt for utviklinga av identitet og personlegdom. Barna er avhengig av gode omsorgspersonar, for å lære seg å regulere kjensler og meistre utfordringar.

I tillegg til foreldre og familie, er det personalet i barnehagen som har størst innverknad på dei minste. Derfor er det heilt avgjerande at tilsette i barnehagane er i stand til å gjere ein god jobb.

Ifølge forskarar er det to viktige kjenneteikn på barnehagar med høg kvalitet. For det første må det vere mange nok vaksne per barn, og for det andre må personalet vere stabilt og godt kvalifisert. Sunnmørsposten har undersøkt korleis situasjonen er på Nordvestlandet, og det viser seg at svært mange kommunar har store problem med å rekruttere nok barnehagelærarar. 50 av 169 barnehagar på Nordvestlandet klarer ikkje kravet om ein pedagog per 14 barn, og det er alarmerande.

Ein ung mann som utdanna seg til barnehagelærar fordi han meiner det er verdas viktigaste yrke, fekk spørsmål om han hadde så dårlege karakterar på vidaregåande at han måtte bli onkel. Slike kommentarar vitnar om mangel på kunnskap og respekt for det viktige arbeidet som blir utført i barnehagen.

Pedagog Aashild Hetland opplever at vaksne bruker tante som yrkestittel på henne. Sjølv om ho liker seg godt i jobben, forstår ho at mange ikkje orkar, fortel ho til Sunnmørsposten.

Kven som helst kan bli onkel eller tante, men kven som helst kan ikkje jobbe i barnehage. Jobben er både krevjande og ansvarsfull, og skal sikre at barna får eit trygt, sunt og utviklande oppvekstmiljø. Barna skal få utfalde seg, samtidig som dei skal lære å ta ansvar både for seg sjølv og andre. Dei yngste barna har stort behov for vaksenkontakt, og barnehagepedagogikken må tilpassast ulike aldersgrupper.

Det er på tide at fleire forstår, og verdset den viktige innsatsen som blir utført i barnehagane.

Stadig fleire barn og unge treng hjelp på grunn av psykiske vanskar, og vi veit for lite om kva som er årsakene til denne urovekkande utviklinga. Når dei aller fleste barna bruker det meste av barndommen i barnehagen, må ein i alle fall sikre at tilbodet er best mogleg. Ved å hjelpe barna med å utvikle grunnleggande ferdigheiter og verdiar, er barnehagelærarane med på å skape ein generasjon som er betre rusta til å møte utfordringar i framtida.

Det er på tide at fleire forstår, og verdset den viktige innsatsen som blir utført i barnehagane.