Vestlege straffetiltak vil ramme lommeboka til den vanlege russar. Ei kraftig nedsmelting av den russiske økonomien gir vanskelegare kår for millionar.

Ein slik effekt er ikkje til å unngå.

Tvert om kan dette også vere eit viktig grep for å leggje press på regimet. Vi oppnår ikkje det om vi skapar eit «vi og dei» mellom folk, bygd på hets og hat. Det russiske folket er også eit offer.

Straffetiltaka slår hardt mot russisk økonomi. Den finansielle stabiliteten i landet er truga, og tiltaka er tøffare enn regimet hadde venta.

Rubelen har stupt. All børshandel i Moskva er stoppa. Minibankane er tømde for utanlandsk valuta.

Eit prissjokk er i vente. Importerte varer blir dyrare. Det er fare for hyperinflasjon. Problem i forsyningskjedene kan gi mangel på varer og stoppe produksjonen i mange bedrifter. I tillegg kjem utestenging og boikott i idrett og kultur.

Putin-regimet må ta det heile og fulle ansvaret, også for det som rammar eige folk. Regimet har valgt å gå til krig. Lidingane til det ukrainske folket er enorme. Meir enn ein million er drivne på flukt ut av landet.

Endå fleire er flyktningar i eige land.

Den frie verda kunne og kan ikkje la dette passere eller bli bagatellisert. Å konkurrere med russiske utøvarar i skiløyper, på fotballbaner eller Eurovision Song Contest som om krigen ikkje eksisterte, ville vere å trampe på det ukrainske folket si liding.

Målt mot dette er den økonomiske børa for den vanlege russar ein bagatell.

Tapte sjansar på idrettsbana er ikkje det ein gong, sjølv om idrettsutøvaren er uskuldig part i det som skjer.

Vi må likevel halde hovudet kaldt. Vi må hindre at effekten av straffetiltaka blir den motsette av det tilsikta, og at den vanlege russar føler seg som målet. Det kan styrke Putin i staden for å svekke han.

Vår solidaritet med det ukrainske folket må heller ikkje føre til hets og fiendskap mot alt som er russisk.

Når ungdom og barn av russiske foreldre i Norge blir hetsa, har vi spora av. Korkje dei, deira foreldre eller den vanlege russar har skuld i krigen som pågår.

Vesten er i konflikt med eit brutalt regime i solidaritet med folket i Ukraina. Konflikten vil vare lenge etter at krigshandlingane er over. Vi er ikkje i konflikt med eit folk.

«Vi kjenner kvarandre på fornamn», seier adm. direktør Magne Standal ved Fiskarstrand Verft om sine russiske kundar. Slik bør det halde fram.

Krigen i Ukraina kan bringe fram det beste og det verste i oss, også her heime.

Vi kan ta det valet sjølv.